Læreplass i kommunen

Kontor- og administrasjonsfaget, institusjonskokkfaget, helsearbeidarfaget og barne-og ungdomsarbeidarfaget er faga me tek imot lærlingar i. 

Me er medlem hos Haugaland Opplæringskontor, og første kontakt skal vera til dei. 

Haugland Opplæringskontor

Telefon: 91 35 92 66
E-post: post@iho.no
Adresse: Buavegen 72, 5584 Bjoa

Kontaktpersonar i Vindafjord kommune

Kontaktinformasjon læreplass
Tittel Navn Telefon
Fagansvarleg helsefagarbeidarfaget Anne-Grethe Stangeland 90 72 95 58
Fagansvarleg barne- og ungdomsarbeidarfaget Sofie Haugland 93 40 01 90
Fagansvarleg institusjonskokkfaget Tone Karin Aareskjold 53 65 60 05
Fagansvarleg kontor- og administrasjonsfaget Marit Særsten 53 65 65 04

Løn som lærling

Ved ei vanleg lærekontrakt vil løna som oftast bli utbetalt etter følgande regel:

  • 30 % det første halvåret
  • 40 % det andre halvåret
  • 50 % det tredje halvåret
  • 80 % det siste halvåret av læretida

Plikter for kommunen som lærebedrift

Vindafjord kommune er ei lærebedrift som er godkjent for å gi opplæring retta mot eit fagbrev. Kommunen tar på seg ei rekke plikter ved å teikna lærekontrakt med deg.

Kommunen skal

  • laga ein plan for opplæring med utgangspunkt i læreplanen for faget som du får opplæring i. Planen skal vera ei konkret forklaring kva for arbeidsoppgåver du skal utføre i løpet av læretida, og når desse skal utførast.
  • tilby deg eit godt arbeids- og læremiljø
  • gi deg personleg støtte, instruksjon og rettleiing i faget
  • ha eit system for planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa som du får
  • gjennomføra vurderingssamtalar med deg minst kvart halvår. Desse skal dokumenterast skriftleg jevnleg og vurdera resultatet av opplæringa du får
  • utbetala løn som avtalt i lærekontrakten
  • melda deg opp til fag- eller svenneprøve ved læretida sin slutt, og legga til rette for gjennomføring av prøven

Kommunen har faglege leiarar innan kvart fagområde som sørger for at du får den opplæringa og oppfølginga du har krav på. I tillegg får du tildelt rettleiarar som har den daglege oppfølginga av deg.

Vindafjord kommune er medlem i Haugaland Opplæringskontor. Opplæringskontoret har ansvar for å teikne lærekontrakt, følge med på opplæringa di og bidra til at den blir best mogleg. Det er opplæringskontoret som melder deg opp til fag- eller svenneprøven.

Plikter for deg som lærling

Som lærling har du plikt til

  • å ta ansvar for eiga læring og bidra til at du får best mogleg utbytte av opplæringa
  • å kjenna innhaldet i læreplanen for faget ditt
  • å følga bedrifta sitt reglement
  • å bidra best mogleg til produksjonen samtidig som du lærer faget

I tillegg må du dokumentera den opplæringa du får ved å bruka vårt digitale oppfølgingssystem - OLKWEB. OLKWEB er eit levande verktøy for å tilpassa det enkelte faget.

Lenker til læreplanar

Læreplan for helsearbeidarfaget

Læreplan barne- og ungdomsarbeidarfaget

Læreplan for kontor og administrasjonsfaget

Læreplan for institusjonskokkfaget