Ein helsearbeidar har mange moglegheiter for val når det gjeld kva gruppe menneske ein ønsker å jobbe med:
- Bustad for personar med psykisk- og/eller fysisk funksjonshemming
- Aktivitetssenter
- Omsorgssenter
- I heimesjukepleien
- Innan psykiatrien
For å spegle dette har Vindafjord kommune valt å legge læretida nettopp til desse plassane, slik at ein blir best mogleg rusta til å jobbe innan ulike fagfelt.
Læretida i Vindafjord
Vindafjord kommune har to sjukeheimar, Vindafjordtunet som ligg på Kårhus i Nedre Vats, og Ølen omsorgssenter som ligg i Ølen sentrum.
Som lærling vil du jobbe med brukarar som av ulike grunnar har eit hjelpebehov, enten i form av heimehjelp, heimesjukepleie eller inne på institusjon.
Aktuelle praksisplassar i denne modulen er eining allmenngeriatriske avdelingar på Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter.
Eininga administrerer eit dagsenter som ligg i Sandeid, 8 heildøgnsbemanna leiligheiter på Hauane i Ølen, samt tilbod til heimebuande.
Eining rus og psykiatri har kontor i Sandeid.
Eininga administrerer:
- 3 bufellesskap for menneske med psykisk utviklingshemming/fysisk funksjonshemming og med heildøgns omsorgstenester.
- Miljøarbeid i heimen utanfor bufellesskap. Arbeidet blir utført av sjølvstendige personalgrupper hos kvar enkelt brukar.
- BPA - brukarstyrt personleg assistent, der personalgruppa heilt eller delvis kan administrerast av brukar sjølv.
- Arbeids- og aktivitetssenteret, Gnisten, i Sandeid. Består av to avdelingar: Ein for aktivisering og ein for tilrettelagt arbeid. Her blir det produsert varer i tre og tekstil for sal.
- Avlasting i privat bustad og i avlastingsbustad
- Støttekontaktteneste
Praksisplassen vil vera på Vindafjordtunet. Demensomsorga er delt i 2 avdelingar.
Rekkefølga på dei ulike praksisplassane vil variere, men modul pleie og omsorg vil som regel vera den første praksisplassen. Så langt det lar seg gjere, prøver vi også å legge praksisplassane opp slik at det passar best mogleg i forhold til bustad og liknande.
Kven passar faget for?
Ein helsefagarbeidar bør inneha kvalifikasjonar som det å kunne bry seg, ha evne til empati, vise omsorg, vise respekt og kunne arbeide sjølvstendig.
Helsefagarbeidaren må ha teoretiske kunnskapar (VG1 og VG2), trening i metodearbeid og trening i praktiske ferdigheiter. På dette grunnlaget vil ein kunne bli i stand til å hjelpe personar i alle aldre med psykisk, fysisk eller sosial funksjonssvikt til å få ein best mogleg kvardag.
Ein helsefagarbeidar har ein variert arbeidsdag med mange ulike oppgåver. I tillegg til det direkte arbeidet retta mot den enkelte brukar, samarbeider ein med pårørande, kollegaer og andre yrkesgrupper på den aktuelle arbeidsplassen.
Når ein har opparbeidd seg minst 2 års yrkeserfaring er det mogleg å ta vidareutdanning, f. eks. i geriatri og kreftomsorg.
Det vil alltid vere behov for helsefagarbeidarar, så om ein ønsker å ta eit yrkesval der ein nesten er sikra arbeid etter endt læretid og bestått fagprøve, er helsefagarbeidet eit trygt val.
Rettleiing
Som helsefaglærling i Vindafjord kommune vil du bli fulgt opp av kvalifiserte rettleiarar som har lang yrkeserfaring. Desse vil rettleie og gi løpande tilbakemeldingar undervegs.
2 gonger i kvar modul vil du ha eit møte med din rettleiar, fagansvarleg og representant for Haugaland Opplæringskontor. På desse møta går me igjennom korleis den faglege utviklinga di har vore, kva me skal halde ekstra fokus på og korleis din kvardag som lærling er.
Desse møta er dialogmøter som skal gi deg som lærling moglegheit til å påverke din eigen kvardag i positiv retning. Skulle det oppstå spørsmål av noko slag - stort eller lite - kan du heile vegen spørje din rettleiar, fagansvarleg eller Haugaland Opplæringskontor.
Dokumentasjon/kvalitetsikring av opplæringa
Under lærlingtida vil du heile tida jobbe i digitalt oppfølgingssystem - OLKWEB. Her er det spesifisert kva du spesielt skal jobbe med i den enkelte modul. For å sikre at du får den opplæringa du har krav på, har vi laga brukarretta oppgåver til kvar modul. OLKWEB er eit levande verktøy, slik at den kan tilpassast spesielle behov. OLKWEB er også eit dokumentasjonsverktøy på den opplæringa du har fått.
Aktuelle lenker
Link til læreplanen
Klikk på lenka Se på YouTube for å sjå videoen under.