Kommunal kompensasjonsordning for verksemder som er spesielt råka av covid-19

Vindafjord kommune har fått tildelt 797.935 kroner til kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder. Søknadsfrist er 26. mars.

Målet med ordninga er å setta kommunen raskt i stand til å avhjelpa situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Ordninga skal også hjelpa dei verksemdene som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.

Kva kan ein få kompensasjon for?

Kommunen skal bruke midlane på tiltak for lokale verksemder som er råka av strenge smitteverntiltak. Dette gjelder særleg

  • støtte som kompenserer lokale verksemder sine kostnadar eller tap som følge av smitteverntiltak og nedstenging.
  • støtte til verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringar og andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar.
  • Det kan også gjevast støtte til destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet, samt autoriserte besøkssenter for natur og verdsarv, som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt i 2021.

Små og mellomstore verksemder

Kommunane har stor fridom til å tilpassa kva verksemder dei kan støtta avhengig av den lokale situasjonen.

Målgruppa er lokale  små- og mellomstore verksemder med forretningsadresse i Vindafjord. 

Søknaden må dokumentera tap som følgje av smitterverntiltak og nedstenging.

​​Vurdering av søknadar

Formannskapet i Vindafjord kommune behandlar dei innkomne søknadene 20. april etter innstilling frå administrasjonen. ​

Ytterlegare informasjon finn du på tilskotsbrev kommunal kompensjasjonsordning (PDF, 594 kB)

Slik søker du

Søknad skal sendast elektronisk via regionalforvalting.no

Søknadsfrist

26. mars 2021 

Annan informasjon

Opplysningar som blir gjeve i søknaden vil i utgangspunktet vera offentlege etter offentleglova.

Ordninga følgjer reglar i forskrift om distrikts- og regionalpolitiske virkemiddel om utlysing, saksbehandling, klage, kontroll med meir.

Kontakt

For spørsmål og hjelp i søknadsprosessen, ta kontakt med førstelinjetenesta vår, Medvind24 næringshage på e-post post@medvind24.no eller på mobil 99 32 54 12.

Kontaktperson i kommunen er Anne Sofie Sandvik, kommunalsjef for samfunnsutvikling. Mobil 93 64 60 43 eller e-post anne.sofie.sandvik@vindafjord.kommune.no