Om verktøyet AlleMed

Prosjekt AlleMed er avslutta.

AlleMed er eit verktøy som skal gjera det lettare å inkludera alle barn og unge i fritidsaktivitetar, uavhengig av økonomi eller bakgrunn. 

Verktøyet AlleMed skal brukast til å skapa diskusjon og finna ut kva som skal gjerast for å få alle med.

Verktøyet er laga av Nasjonal dugnad mot fattigdom og utanforskap blant barn og unge (NDFU). NDFU er eit breitt fellesinitiativ som består av norske frivillige organisasjonar, fagmiljø  og foreiningar.

Les meir på allemed.no

Om å ikkje vera med

  • Ein kan vere einsam sjølv om ein ikkje er åleine. Gutt 13 år
  • Ein fin dag for meg er viss eg har snakka  med nokon. Jente 14 år
  • Eg tør ikkje begynne på den aktiviteten der, for eg kjenner ingen. Ingen av venene mine går der. Gutt 12 år
  • Eg  trur den største skilnaden på å vere åleine og vere einsam er lengsla. Når ein er einsam, så lengtar ein etter noko meir. Jente 12 år
  • Når ein har tre barn som spelar fotball, og medlemskontigenten kostar flerie tusen kroner i året, seier det seg sjølv at det kan bli for mykje med utgifter til utstyr og cupar i tillegg. Sånn er det vel for dei fleste. Mor 47 år