Omsorgs- og inkluderingspris

Vindafjord kommune ved utval for oppvekst og omsorg (OPOM) kan kvart år dela ut ein pris til einskildpersonar, lag eller organisasjonar og i særlege høve bedrifter, som på ein postiv måte har bidratt gjennom frivillig arbeid til å gje menneske respekt, eit meiningsfullt og verdig liv.

Dette kan vera gjennom arbeid og aktivitet for einskildmenneske eller grupper. Arbeid og aktivitet med tanke på å inkludera utsette grupper og einskildpersonar vil også bli vektlagt.                 

  • Alle kan foreslå kandidatar som bur i Vindafjord. Forslaga må vere grunngjevne.
  • Frist for å fremma forslag er 1. juni, og prisen vert tildelt innafor det aktuelle året.
  • Omsorgsprisen kan delast på fleire.

Nominer kandidat til omsorgs- og inkluderingsprisen

Her finn du retningslinjer og oversikt over alle tilskot, prisar og stipend. (PDF, 500 kB)

Kontaktinformasjon

Profilbilde av Norunn Helland
Norunn Helland
rådgjevar kultur og idrett
Kultur og læring
Telefon 53 65 65 63
Profilbilde av Ane Kesia Eide Fatland
Ane Kesia Eide Fatland
einingsleiar
Kultur og læring
Vindafjord kommune
Kultur og læring

Telefon: 53 65 58 50 eller 53 65 65 63
Besøksadresse: Kultur- og læringssenteret på Sjøplerlo, 2. etasje, Dreganesvegen 40, Ølen sentrum.
Postadresse: Kultur og læring, Rådhusplasssen 1, 5580 Ølen

Opningstid: 08.00 - 15.30 kvardagar