Byggeskikkpris

Vindafjord kommune – Utval for drift, utvikling og kultur (DUK) – kan anna kvart år dela ut ein byggeskikkpris for å motivera til auka innsats og forståing for byggeskikk i kommunen.

  • Formålet til byggeskikkprisen er å løfta fram forbildebygg som bidreg til å heva, fornya og utvikla byggkvalitet lokalt. Kvalitetane er knytt til miljø, klima, tilgjenge og byggeskikk. Samla skal kvalitetane bidra til gode og bærekraftige bygg for brukarane og samfunnet.
  • Byggeskikkprisen kan delast ut til den som på ein god måte tek vare på eldre bygningar og heilskapelege bygningsmiljø, eller har sett opp nybygg, tilbygg eller påbygg.
  • Grendeutvala blir invitert til å koma med framlegg til kandidatar. Innsending og val av kandidatar skal skje i perioden 1. mars - 1. juni anna kvart år.
  • Forslaga skal sendast skriftleg til Vindafjord kommune med ei kort beskriving av prosjektet og grunngjeving for kvifor prisen skal tildelast. DUK kan også koma med framlegg på kandidatar, men forslaga må leverast fagkomiteen innan dei startar arbeidet sitt.

Nominer kandidat til byggeskikkprisen

Her finn du retningslinjer og oversikt over alle tilskot, prisar og stipend. (PDF, 500 kB)

Kontaktinformasjon

Kultur og læring
E-post

Telefon: 53 65 58 50 eller 53 65 65 63
Besøksadresse: Kultur- og læringssenteret på Sjøplerlo, 2. etasje, Dreganesvegen 40, Ølen sentrum.
Postadresse: Kultur og læring, Rådhusplasssen 1, 5580 Ølen

Opningstid: 08.00 - 15.30 kvardagar

Profilbilde av Norunn Helland
Norunn Helland
Rådgjevar kultur og idrett
Kultur og læring
E-post
Telefon 53 65 65 63
Mobil 47 46 97 59
Profilbilde av Ane Kesia Eide Fatland
Ane Kesia Eide Fatland
Einingsleiar
Kultur og læring
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 48 09 92 51
Mobil 48 09 92 51