Om museet

Museet har fokus på lokal handverks- og næringshistorie. Det omfattar også skulemuseet i Skjold.

Museet er forma som eit bygdetun med røykstove, stabbur, kvernhus, steinhoggarbu og driftsbygning. På tunet finn du også kommunen sin siste telegrafstasjon. Den er ein av dei einaste i distriktet.

Museet  har fokus på lokal handverks- og næringshistorie, då særleg tradisjonar knytta til skipsbygging. Her finn du ei rik samling av gjenstandar frå arbeids- og kvardagsliv, modellar av seglskuter frå vervartida og ei boksamling frå Det Vigedalske Læseselskab.

Museet har jamnlege temadagar og historiske spel utandørs i sommarhalvåret. Museet samarbeidar med Vikedal Roots Music festival om utearrangement. Det er også bålpanne besøkande kan nytta seg av.

Vindafjordmuseet omfattar skulemuseet i Skjold, i Ersland gamle skulestove. Skulemuseet er ope i samband med skulebesøk og arrangement. Ta gjerne kontakt for å avtala nærare.

Kontaktinformasjon

Haugalandmuseet
E-post
Telefon 52 70 93 60

Besøks- og postadresse: Skåregt. 142, 5527 Haugesund

Våre museer

Opningstider: Musea på Haugalandet

Søk i digitalt museum

 

Monica N. Haugan
Formidlar Vindafjordmuseet
E-post
Mobil 97 00 98 34