SEFRAK-registeret

Dersom du treng informasjon om eit SEFRAK-bygg, ta kontakt med teknisk etat i kommunen der bygninga er, eller med byantikvaren i dei byane som har slike.

For bygningar eldre enn 1850 er det kulturminneansvarlege i fylkeskommunen som skal kontaktast. Desse bygningane er det også meldeplikt for dersom ein ønsker å gjera endringar

SEFRAK er forkortinga for sekretariatet for registrering av faste kulturminne i Noreg.

SEFRAK-registreringa vart gjennomført i åra 1975-1995. Bygningar bygde før 1900 vart registrerte over heile landet, med unntak av Finnmark der bygg før 1945 vart registrerte.

Kulturminna vart kartfesta, oppmålt og fotograferte. I alt er det registrert omlag 515.000 einingar.

Informasjon om SEFRAK finn du hos Riksantikvaren

Kontaktinformasjon

Kommunaltekniske tenester
E-post

Besøksadresse:
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid

Postadresse:
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen