Ny dagleg leiar for Vindafjordhallen symjehall: Velkomen på laget, Ann Rita!

Me i Vindafjord kommune er glade for å ønskja Ann Rita Eike velkomen som ny dagleg leiar for Vindafjordhallen symjehall. 

Ho starta i stillinga 1. mai og er allereie godt i gang i det nye og moderne anlegget i heimbygda.

Den engasjerte leiaren oppmodar alle badeglade til å følgja den nyoppretta Facebook-sida til Vindafjordhallen symjehall for endå meir kjekt innhald.

VIndafjordhallen symjehall på Facebook

Ann Rita Eike - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Ein open og inkluderande møteplass

Ann Rita kjem frå Vats og har vore lærar i 25 år. No var tida inne for å prøva noko nytt, og engasjementet hennar for symjing og tryggleik passar perfekt i Vindafjordhallen. 

Ho brenn for at alle – særleg barn og unge – skal vera trygge i vatn, noko som har vore ein raud tråd gjennom heile yrkeslivet hennar. Ho var med og starta svømmeklubben SK Vats, har undervist i symjing i mange år og har òg erfaring som badevakt.

– Me ønskjer at Vindafjordhallen skal vera ein open og inkluderande møteplass for heile distriktet. Ein plass med liv, aktivitetar og tilbod som passar både barn, unge og vaksne – også på kveldar og i helger, seier Ann Rita.

Eit anlegg som betyr mykje

Ho gler seg til å jobba tett i lag med dei tilsette, skapa gode system og vidareutvikla innhaldet i hallen -  slik at flest mogleg kan bruka og trivast i anlegget.

At jobben ligg i heimbygda, er ein stor bonus. – Eg kan sykla frå Knapphus, ler ho.

– Det følest godt å komma heim og få bidra i eit anlegg som betyr så mykje for så mange. 

Me ønskjer Ann Rita lukke til og gler oss til fortsettinga! 

Ann Rita Eike inne på rådhuset - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

VIndafjordhallen symjehall på Facebook