Vindafjord idrettsråd

Idrettsrådet skal arbeida for best mogeleg forhold for idretten i kommunen.

Alle idrettslag i Vindafjord kommune som er medlem i Norges idrettsforbund (NIF) er med i idrettsrådet. Idrettsrådet skal vera ein arena for samarbeid mellom laga, idrettskrinsen og kommunen.

Idrettsrådet sine oppgåver er mellom anna å formidla idrettslaga sine anleggsbehov til kommunale myndigheiter, og å fordela tilskot til Lokale aktivitetsmidler (LAM), samt kommunalt driftstilskot til idrettslaga.

Styret for idrettsrådet

Det sittande rådet vart valt på årsmøtet i 2022.

Vindafjord idrettsråd 2021
Verv Namn Telefon Representerer
Leiar Nils Reimers 90 78 29 62 NMK Vikedal
Nestleiar Ingvild Ove Skare 95 28 15 92 SK Vats
Kasserar Berit Ryvik Skartland 90 51 56 28 Vikebygd IL
Sekretær Anja Våg Skjold 91 32 86 82 Vindafjord IL
Styremedlem Siv Iren Bøvre Heddeland 98 28 66 86 Ølen IL
Varamedlem Jarle Frøland 47 31 59 91 SK Vats
Varamedlem Erling Øygard 40 61 77 82 IL Skjoldar
Representant for skyttarlaga Bjørn Morten Stokka 95 10 25 91

Alle kommunar skal ha idrettsråd

  • Alle kommunar med fleire enn tre idrettslag skal etter NIF sitt lovverk ha eit idrettsråd.
  • Idrettsrådet er eit fellesorgan for idretten i den enkelte kommune, er organisert i NIF gjennom idrettskrinsane og følger NIF sine lovar og vedtekter.
  • Idrettslag med medlemskap i NIF blir automatisk medlem i idrettsrådet i sin kommune. Det er idrettsråd i nesten alle kommunar (rundt 370 av 430).
  • Der det ikkje er idrettsråd har enten idrettskrinsen eller eit stort idrettslag – gjerne fleiridrettslag – ansvaret for kontakt og samarbeid med kommunen.
  • Idrettskrinsane har service- og støtteoppgåver for idrettsråda og skal sørga for at det blir oppretta idrettsråd i alle kommunar. Idrettskrinsane godkjenner også idrettsråda si lovnorm.