UngTysdag

UngTysdag er ein open møteplass for ungdom i Vindafjord frå 7. trinn til og med 2. vidaregåande skule. 

Pixabay 

UngTysdag held til på Sjøperlo i Ølen sentrum, og har ope kvar tysdag klokka 18.00 - 20.00. 

Det er inga plikt til oppmøte på UngTysdag. Tilbodet er gratis, og du står fritt til å stikka innom oss i opningstida. Det er også gratis mat kvar gong.

På UngTysdag kan du mellom anna henga med vener, høyra på musikk, spela brettspel, game, synga karaoke, bingo, kahoot, quiz, og du kan delta på ulike kurs.

UngTysdag er eit samarbeid mellom Vindafjord frivilligsentral, Vindafjord bibliotek og Ølen ungdomslag. Det er ungdom frå alle bygdene på UngTysdag, så stikk innom du også!