Bok i butikk

Vindafjord bibliotek har ei ordning kalla Bok i butikk. Her kan du låna og bestilla bøker på internett, e-post eller telefon.

Bøkene blir køyrt til ein butikk eller bensinstasjon i nærleiken av deg.

I katalogen til biblioteket kan alle sjå kva bøker, filmar, tidsskift og anna biblioteket har. For å nytta deg av ordninga må du ha lånekort og tilgang til Mappa mi.

Du kan også fylla ut dette skjemaet (PDF, 29 kB)og senda til biblioteket på  e-post eller som vanleg post. Adressa er Vindafjord bibliotek, Postboks 115, 5588 Ølen.

Du kan også ringa oss på telefon 53 65 58 60

Når du har funne det du ønsker på nett, klikk på «bestill», og meldinga går til biblioteket. Kvar onsdag blir bestillingane køyrt til stadane under. Her kan du også levera inn bøker du har lånt.

  • Esso Skjold
  • Joker i Vikebygd
  • Joker i Vikedal
  • Matkroken i Kvaløy
  • Shell på Knapphus
  • Shell i Sandeid

Kontaktinformasjon

Vindafjord bibliotek
E-post
Telefon 53 65 58 60