Turbiblioteket på Vadhytta er opna

På dagsturhytta finn du bøker til glede for store og små. Bøkene kan bli lesne medan ein er inne i hytta, eller i området rundt hytta.

Bilete synar bøker som er stilt opp med framsida fram - Klikk for stort bileteBokhylla på Vad-hytta Silje Holden Birkeland Bøkene er valt ut med tanke på at alle, men særleg barna skal kunne finne ei god bok å slappe av med etter at ein har nådd fram til Vadhytta.  


Vad- hytta ligg i eit knutepunk, og ein har høve til å starte turen frå både Ølensvåg og frå Bjoa. Går ein frå Bjoa, får ein mindre oppoverbakke og kortare veg – noko som kan vere motiverande og senka terskelen for friluftsliv for både små og store.


Når ein kjem fram til Kolbeinshauglia, kor Vadhytta ligg, står det ei snerten hytta med eit fint uteområde klar. Benkar, vedomn, tøflar, ladepunkt, utedo og ei kjekke hylla med bøker er noko av det ein finn og som kan brukast av alle. Bøkene kan lesast medan ein er på Vad-hytta. Bøkene er valt ut med tanke på at alle, men særleg barna, skal kunne finne ei bok å kose seg med og slappe av med medan ein nyt naturen. 


Nokre av bøkene er skjønnlitterære,  andre faktabaserte . Ein finn bøker som ein blir i godt humør av, bøker som er spennande, bøker kor ein blir betre kjent med planter og dyr, og ein finn bøker som kan gje inspirasjon til andre fotturar. Det er Vindafjord bibliotek som har ansvaret for bøkene, og me håpar at dei vil bli mykje brukt. 


På biblioteket har me eit ordtak av Tor Åge Bringsværd som er slik: Ei god bok er som ein trampoline for fantasien, den gjev tankane noko å hoppe og sprette på.  


Me håpe at turbiblioteket kan vere med på å gje næring til fantasi og kunnskap, samstundes som turen til hytta vil ha ein positiv effekt på fysisk og psykisk helse. 


Laurdag 2. april klokka 12.00 og onsdag 11. mai klokka 14.00 vil biblioteket ha lesestund for barna på Vadhytta.  Me vonar at mange vil ta turen opp for å oppleve den flotte kombinasjonen som natur og bøker er.  

Bilete syner Vad-hytta inne. Filleryer på gulv, bøker, benkar og ein hems med puter og skinnfeller - Klikk for stort bileteInteriør Vad-hytta Silje Holden Birkeland