Språktreff - kom og bli med

Språktreff er ope for norsk- og framandspråkelege. 

Pixabay Bibliotek, i lag med vaksenopplæringa, tilbyr språktreff på Sjøperlo. Merk at me har bytta vekedag til onsdag. 

Språktreffa er for både norsk – og framandspråklege, og er ein fin anledning til å kjent med nye personar, i tillegg til ein kjekk og lærerik samtale. Treffa er kvar onsdag mellom klokka 12.30 og 14.00. Det er enkel servering i form av te/kaffi.

Arrangementet er gratis. Me håpar at mange har lyst til å kome.

Ein kan ta kontakt med vaksenopplæringa eller biblioteket om ein ynskje meir info. Gjeldande regler for smittevern vert fylgde.