Distriktsmeisterskap i sjakk for elevar

Tysdag 21. mars arrangerte biblioteket i lag med Rogaland skulesjakkutval distriktsmeisterskap i sjakk5ern og sjakk9ern.

Pixabay@jarmoluk

Sjakk5ern og Sjakk9ern er ein nasjonale sjakk- konkurranse kor finalen vil gå digitalt 4. mai. I Vindafjord deltok det 68 elevar i distriktsmeisterskapet.

I god tid før startsskotet gjekk, strøyma elevane inn i Sjøperlo hall for å prøve ut sin dugleik i sjakk. Ivbjørn Nimki som er fylkeskoordinator for Rogaland skulesjakkutval ønskja velkomen til meisterskap før han gjekk grundig gjennom reglane for korleis ein god sjakkspelar skal te seg enten ein tapar, får remis eller vinn. Etter at alle deltakarane hadde ønskja kvarandre lukke til, senka roen seg i lokalet og mange gode parti vart spela.

I pausane kunne ein observere elevar som prøvde seg på ulike sjakknøtter, tok turen i aktivitetsparken og innom biblioteket. I fellesarealet kunne ein høyre mange samtalar kor sjakk var tema.

Interessa for sjakk har auka dei siste åra, og frå eit bibliotekperspektiv er det kjekt å sjå at så mange elevar i Vindafjord er interessert i å spele. Ny sjakkturnering på biblioteket er under planlegging.

Heilt til slutt: Gratulerer til Vikedal skule med siger i begge klassane .