Vindafjordhallen symjehall opnar 11. august

Tysdag 11.august kl.11.00 opnar me ein skinnande rein Vindafjordhallen symjehall. Symjehallen opnar att med nye opningstider og fleire opningstimar i veka. 

Innan opningsdagen har ein stabilisert temperatur på land og i vatn - og oppnådd stabile verdiar på bassengvatnet slik at ein kan tilby super vasskvalitet.

I stengingsperioden har ein tappa ned bassenget og gjort einhald og vedlikehald.

Når Vindafjordhallen symjehall opnar att får hallen nye opningstider. 

Det betyr mellom anna meir morgonbading, utvida opningstid tysdag og torsdag, og eit nytt tilbod om vaksenbading i helga.

Kjøp billettar her

To tilsette som står på stupetårnet - Klikk for stort bilete Vindafjordhallen symjehall

Endringar når det gjeld sklia

Sklia er nå godkjent for at barn over 110 cm kan køyre åleine. 

Barn mellom 90 - 110 cm skal køyre saman med ein vaksen. 

Barn under 90 cm skal ikkje bruke sklia. 

Nye opningstider

Måndag og onsdag

06.30–10.00: Morgonbading

Sklia er stengd.

Tysdag og torsdag

11.00–14.00: Opent for alle

12.00: Aquagym

16.30–19.00: Familiebading, opent for alle, med to symjebanar reserverte for symjing

19.00–20.30: Vaksenbading

Laurdag og sundag

10.30–15.00: Familiebading, opent for alle, med to symjebanar reserverte for symjing

15.00–16.00: Vaksenbading