Verdas bokdag - me frigjer namnet på kva bok som blir "Hele rogaland leser" 2021

Bilete av Oda Malmin - Klikk for stort bileteForfattar Oda Malmin Oda Berby  I år er det Oda Malmins debutroman «Steinauge» frå 2018 som blir årets bok i prosjektet Hele Rogaland leser. Til hausten deler Rogaland fylkeskommune ut 30 000 eksemplar gratis ved folkebiblioteka.

Hele Rogaland leser Oda Malmin

I år er det Oda Malmins debutroman «Steinauge» frå 2018 som blir årets bok i prosjektet Hele Rogaland leser. Til hausten deler Rogaland fylkeskommune ut 30 000 eksemplar gratis ved folkebiblioteka.
 

– Det er veldig stas at Steinauge er valt ut som årets bok i Hele Rogaland leser. Det gjer meg veldig stolt og veldig glad og eg gleder meg masse til å reise rundt til biblioteka i haust for å snakke om boka, seier forfattar Oda Malmin.

Kritikerrost forfatter

Oda Malmin er frå Stavanger, men bur i Oslo. Hun vant i 2018 Aschehougs debutantstipend for romanen «Steinauge". Boka blei også nominert til Tarjei Vesaas´ debutantpris 2018 og den har mottatt flotte kritikkar. Tidligare i år ga Malmin ut sin andre roman «Skinliv».

I 2021 skal Hele Rogaland leser løfte ein ny forfattarstemme frå fylket vårt. Dette er ein forfattar som bare de færraste har rukket å gjøre seg kjent med, men som mange kan ha glede av å lese. Boken blir delt ut i folkebiblioteka til hausten og det en forfattarturné i hele fylket er under planlegging.

Skrevet med kjærleik til Jæren
I den prislønte romanen «Steinauge» følger me to syskenbarn, Randi og Ingeborg, som veks opp på nabogardar på Jæren. Handlinga startar på 1940-tallet og går fram til i dag. Gardslivet blir skildra levande og truverdig, det same gjør eit tap som begge opplev i barndommen, og som verkar inn på forholdet deira livet ut. Malmin teiknar eit nært og varmt portrett av dei to kvinnene, men og av det jærske kulturlandskapet. Tittelen «Steinauge» synar til blikket til ein erfaren steingjerdebyggar, som fort kan sjå kvar ein stein passer inn i eit gjerde.

– Boka er skriven med ein stor kjærleik til Rogaland. Særleg den jærske naturen, både steingjerder, hav, himmel og vind har vært ei viktig ramme, og det er viktige element i livet til dei to hovudkarakterane. Eg gler meg til at enda fleire rogalendingar skal få lese om Ingeborg og Randi, seier Malmin.

 

Bilete av Oda Malmin - Klikk for stort bileteForfattar Oda Malmin Oda Berby Fersk forfatterstemme
Hele Rogaland leser markerte i fjor 40-årsdagen for Kielland-ulykka med utdeling av boka «Plattformen som ikke kunne velte». I 2019 var det «Skamløs», ei bok om sosial kontroll som særleg rammer kvinner med minoritetsbakgrunn, som ble delt ut.

– I år skal me tilbake til skjønnlitteraturen og løfte ein fersk forfattarstemme frå fylket vårt. Eg er glad for at me kan dele ut Oda Malmins debutbok, «Steinauge». I litteraturen kan me fordjupe oss i andre menneskeliv og besøke andre sine verder. Eg vil invitere rogalendingane til å bli kjent med Ingeborg og Randi. Kanskje blir dei værande i oss etterpå. Det er ein bagasje som gjer oss rikare, seier Inghild Vanglo, leiar av regional-, kultur- og næringsutvalet i Rogaland fylkeskommune.   

Løfter frem kvinner

Hele Rogaland leser har sidan starten i 2008 delt ut over 400 000 bøker til innbyggarane i fylket. Målet med prosjektet er å gje befolkninga i Rogaland ei felles leseoppleving og auke interessa for litteratur. Prosjektet starta som «Hele byen leser» i Stavanger i kulturhovudstadsåret og ble i 2010 utvida til å gjelde heile fylket. Rogaland fylkeskommune har prosjektansvaret og dekker bokinnkjøpet.

LO Rogaland støtter årets prosjekt økonomisk og har  vært ein viktig samarbeidspartner helt sidan prosjektet blei starta.
– Malmin løfter frem kvinner frå ei tid og eit samfunnslag mange lar være å tenkje på. I vår eiga tid - med stadig større brytningar mellom by og land - skaper ho levande og truverdige romanfigurer frå gardslivet på Jæren. Ved å lese «Steinauge» kan me rogalendingar lære meir om kvarandre, seier Eirin Kristin Sund, regionleder i LO Rogaland.
 

Verdens bokdag: Fredag 23. april er verdens bokdag. Det er UNESCO som står bak denne årlege markeringa, for å hylle bøker og forfattarar, og for å oppmuntre alle til leseglede. På grunn av koronakrisa har bøker derfor, nå meir enn nokonsinne, vært ein arena der ein kan flykte vekk frå virkeligheten, utvide horisonten og stimulere kreativiteten.

Les meir om verdas bokdag her