Velkomen til fribading i nye Vindafjordhallen - også i veke 40

Endeleg er tida komen – badeanlegget i den splitter nye Vindafjordhallen har opna. Billettar er ute for gratisbading også i veke 40.

Dette er ei etterlengta opning som mange har venta spent på, og no inviterer me til ei testperiode med fribading. No utvidar me fribading til veke 40

På omvising i badeanlegget i Vindafjordhallen. Dei står framføre symjebassenget. Frå venstre: Nils Erik Eide, Ole Johan Vierdal, Mangor Bårdsen, Alla Baukis, Lillian Vormestrand, Halfdan Krohn Brekke og - Klikk for stort biletePå omvising i badeanlegget i Vindafjordhallen. Frå venstre: Nils Erik Eide, Ole Johan Vierdal, Mangor Bårdsen, Alla Baukis, Lillian Vormestrand, Halfdan Krohn Brekke og Bernt Henrik Kvammen. Vindafjord kommune

For å sikre seg plass må ein bestilla billett på førehand via vår digitale bookingkalender.

Bestill billettar her

Les meir om Vindafjordhallen badeanlegg

Gler seg stort

Dagleg leiar for symjehallen, Mangor Bårdsen, og badevaktene har lagt ned mykje arbeid i førebuingane.

Dei gler seg stort til å ta imot badeglade gjester.

– Dette er ein prøveperiode, og me ber publikum om å ha litt tålmod med oss i oppstarten. Me håpar du vil bli med og testa anlegget – og bidra med tilbakemeldingar som kan gjera opplevinga endå betre, seier Bårdsen.

– Me har sett fram til denne dagen lenge, og no er me klare. Det blir stas å endeleg få liv i bassenga og høyra latter og plasking i hallen, seier Bårdsen.

Badeanlegget i Vindafjordhallen - Klikk for stort bileteBadeanlegget i Vindafjordhallen Kristine Thorsen Eikeland

Dette kan du oppleva i Vindafjordhallen

Symjehallen har eit moderne og variert badeanlegg som passar for både trening, leik og velvære:

  • Treningsbasseng på 25 meter, med djupne på opptil 3,6 meter
  • Stupetårn på 1 og 3 meter
  • Vassklie for store og små
  • Terapibasseng med justerbar djupne
  • Badstove for avslapping etter bading
  • Det er familiegarderobe med tilrettelegging, og toalett tilrettelagt for personar med funksjonsnedsetting i garderobane.
Badeanlegget i Vindafjordhallen - Klikk for stort bileteBadeanlegget i Vindafjordhallen Kristine Thorsen Eikeland

Tryggleik og trivsel i fokus

Dei som skal jobba i symjehallen har allereie testa anlegget og gjennomført redningsøvingar – alt for å sikra ei trygg og god oppleving for alle som skal bada her framover. Nyleg vart det òg gitt opplæring i vassprøvetaking ved byggdriftar Kenneth Solheim.

Badeanlegget i Vindafjordhallen - Klikk for stort bilete

Hjarteleg velkommen til ei triveleg og aktiv fribading i Vindafjordhallen!

Bestill billettar her

Les meir om Vindafjordhallen badeanlegg

Åtte ansattte i symjehallen i bassenget - Klikk for stort bileteTilsette i symjehallen: Frå høgre: Liam Hansen, Teresa Bakkedal, Camilla Tveit, Ann Rita Eike, Paul Nicolae Ratoiu, Vitalii Siabro og Gunn Karin Himle. Framme: Mangor Bårdsen. Mangor Bårdsen