Konseptet har fokus på friluftsliv og folkehelse og å oppleva flotte naturomgjevnadar i kvar bygd. Det er alltid ein hovudtur i kvar bygd, og seks tilrettelagte turar som blir fordelt mellom bygdane i dei ulike periodane. Årets turar hadde ulike graderingar med to krevjande hovudturar og sju middels krevjande. Alle seks tilrettelagte turane er kvar periode gradert som enkel, for dei er tilpassa for rullestol/barnevogn og krev ingen spesielle ferdigheiter.
Brua over Dalselva, frå Bjoa sin tilrettelagte tur.
Stine Helen Marken
TellTur er Friluftsrådet Vest si turregistrering. På TellTur sine nettsider ligg mange turmål i deira medlemskommunar. Ved bruk av appen Norgeskart friluftsliv kan ein enkelt registera turen ved ankomst. I Vindafjord er registrert totalt 4793 turar til dei 15 turane i kommunen i 2024. Turane er gått av 805 ulike turgåarar og 164 av desse er busett i kommunen. Det mest besøkte turmålet er Vikaneset i Skjold med 1761 innsjekkingar, og Kyrkjehølen i Vikedal kjem på ein andreplass med 712 innsjekkingar. Desse turane er dei såkalla «kvardagsturane» og er forhaldsvis lette turar i nærleiken av der folk bur, så det er naturleg at desse er gått flest gonger. Tala for 2024 er ganske like tala frå 2023.
Rundturen Holmen - Kyrkjehølen i Vikedal
Lillian Austrheim
Årets vinnarar av eit gåvekort er turgåarane:
Under 15 år: Elisabeth Svendsbøe og Håkon Eikesdal
Over 15 år: Reidun Espevoll og Marit Langelandsvik
TellTur: Marit Svendsen og Lisbeth Brekke
På toppen av hovudturen i Vikebygd, Sætrafjellet.
Roald Årvik
Gratulera til årets vinnarar!
Takk til alle bygdane og grunneigarar for eit godt samarbeid, og takk til alle turgåarar som har gått turane og vore med i trekninga. Takk for eit godt samarbeid med Friluftsrådet Vest rundt TellTur i 2024. Me ser fram til Ut på tur i Vindafjord 2025.
Utsiktsbilete frå hovudturen i Sandeid, Ravnafjellet.
Stine Helen Marken