Stol med upåklageleg utsikt

På Roatoppen i Ølen kan du no ta rastepausen og nyta utsikta frå ein blå stol. 

Bilde av stol på Roatoppen - Klikk for stort bilete Martin Kvinnesland

Bjørn Alvseike er initiativtakaren bak prosjektet. Han har gjennom Ølen grendautval søkt og mottatt støtte frå SR-bank stiftelsen. Initiativtakaren håpar mange vil bruka stolen som eit turmål. Den slakaste vegen opp til Roatoppen er via Øvrehagen, stien frå Roa er brattare. 

Stolen er levert av TIO på Karmøy, og er den første av fire stolar som blir sett opp i Ølen. Med tida skal det monterast ein lik og to mindre stolar på Dreganes.

Sjå video av når stolen blir flydd opp til Roatoppen under.