Saman for ei meir inkluderande fritid – Vindafjord kommune inviterar til dialogmøte

Vindafjord kommune inviterar til dialogmøte saman for meir inkluderande fritidsaktivitetar.

Dialogmøtet er 6. november på Sjøperlo i Ølen frå 18-20.00. Dette møtet skal vere ein arena for inspirasjon, støtte og samarbeid, der me saman med Rogaland fylkeskommune kan finne praktiske løysingar som gjer det lettare å opne dørene for fleire.

Fritida er viktig for alle. Ho gir betre fysisk og psykisk helse, auka livskvalitet, sosiale dugleikar og meistring.

Likevel veit me at barn og unge som veks opp i familiar med låg sosioøkonomisk status eller har nedsett funksjonsevne deltek mindre i fritidsaktivitetar. 

Me ser òg at deltakinga minkar med alderen, og at det er store skilnader mellom kjønn og landbakgrunn.

Difor inviterar Vindafjord kommune i samarbeid med Rogaland fylkeskommune lag og organisasjonar til eit ope dialogmøte om inkludering og integrering gjennom fritidsaktivitet. 

Siluett av mennesker i solnedgang - Klikk for stort bilete Pixabay

Målet er å dela kunnskap om situasjonen i Rogaland, høyre om dykkar erfaringar og sjå på moglege tiltak og løysingar saman med dykk som allereie gjer ein viktig innsats for barn, unge og vaksne.

Me veit at det kan vere krevjande for laga å tilpasse seg og inkludere alle. Samstundes veit me at mange av dykk har gode idear, erfaringar og vilje til å lukkast. 

Påmelding

  • Påmelding på e-post: kultur@vindafjord.kommune.no eller telefon: 47469759. 
  • Oppgi namn og lag/organisasjon. Frist for påmelding er 3. november.
  • Kontaktperson: Anita Skeie Vormestrand, rådgjevar kultur og idrett - Anita.Skeie@vindafjord.kommune.no

Program
•    Integrering og inkludering i eit folkehelseperspektiv - kunnskap, tilskot og gode eksempel
v/Vilde Christensen og Brita Norrud, RFK
•    Status på integreringsfeltet 2025 - samfunnsdeltaking, rasisme og diskriminering, v/Inger Egeland, RFK
•    Dialog og innspel på korleis kommune og lag og organisasjonar kan samarbeida om inkludering i fritidsaktivitetar v/Miriam Aareskjold, Vindafjord kommune