Nasjonal bibliotekdag

Sidan 2015 har biblioteka 1. september feira sin eigen dag – bibliotekdagen. Dagen blei til for å syne fram og markere det breie og viktige tilbodet som biblioteka gjev til samfunnet.

Logo Nasjonal bibliotekdag 1. september - Klikk for stort bileteI sommar har mange har vore innom oss for å låne bøker, filmar, tidsskrift og aktivitetsutstyr. Det er kjekt å sjå at folk blir verande på lokala, enten for å lese i ei avis medan dei drikk kaffi, lese ei bok, spele sjakk, game eller for å prate med kjente. Biblioteka er så uendeleg mykje meir enn berre ein plass ein kan finne bøker.

I år er tema for den nasjonale bibliotekdagen frivilligheit, ettersom 2022 er frivilligheita sitt år. I år er året kor det skal bli gjort synleg alt det fantastiske og viktige arbeidet som frivillige gjer kvar dag i lokalsamfunna. Fleire av arrangementa som biblioteket er med på kjem i stand med hjelp av frivillige og samarbeid. Utan dei ville til dømes språktreff og slektskafé vore vanskelege å avvikle.

Les gjerne Vidar Lund – leiar i Norsk bibliotekforening – sitt innlegg om bibliotek og frivilligheit

Besøk gjerne Vindafjord frivilligsentral sine sider for å sjå dei gode tilboda og aktivitetane dei er med på og tilbyr.