Måleri av lokal kunstnar på rådhuset

Vindafjord kommune fekk tilbod om å kjøpa kunstverket “Gutane på benken” no i haust, og kulturavdelinga såg det som eit flott supplement ved sida av dei andre to maleria av same kunstnar som heng på rådhuset i Ølen. 

Ordførar Ole Johan Vierdal og kommunedirektør Yngve F. Bergesen får her overrekt kunstverket av einingsleiar kultur og læring Ane Kesia E. Fatland. Halvor Hem

Maleriet er måla av kunstnaren Ragnvald Eikeland (1921-1960) frå Vats. Det er ikkje tidfesta når han har måla dette bilete, men kan tenkjast at det var då han var i 30 åra. Det er blitt reinsa, stramma opp og gitt ei moderne eikeramme. 

Opprinneleg eigar var Jakob Vikse, tidlegare meieribestyrar i Vikedal frå 1953 til 1957. Han var ein ivrig kunstsamlar. I følgje sonen, Arild, vart det nok kjøpt av Eikeland allerede i 1954. 

Måleriet blei overrekt til ordførar Ole Johan Vierdal og kommunedirektør Yngve F. Bergesen då dei kom innom kultur og læring under sin årlege julerunde til einingane. Einingsleiar kultur og læring Ane Kesia E. Fatland overrekte gåva. 

Det kjem til å ta seg fint ut på den blå veggen mellom formannskapssalen og kommunestyresalen på rådhuset til glede for alle besøkjande der.

Vaktmeister Mangor Bårdsen og einingsleiar Ane Kesia E. Fatland heng her opp bildet utanfor kommunestyre - og formannskapssalen. Nils Erik Eide