Den raude telefonkiosken er no transformert til ein flott lesekiosk.
Lesekiosken på kaien i Ølen sentrum er opna.
Silje Holden Birkeland
Slik ser innsida av lesekiosken ut.
Silje Holden Birkeland
Det er Foreningen !les i samarbeid med Sparebankstiftelsen DNB som står bak prosjektet. Biblioteket er fadder for lesekiosken.
Meininga er at ein skal kunna stikka innom kiosken på kaien og byta bøker. Gje ei bok og ta ei bok. Skulle det vera slik at du ikkje har ei bok med deg, går det bra også.
Målet er å fremma leseglede for alle aldersgruppe, og gjera litteratur enno meir tilgjengeleg for alle som ferdast i Ølen.
Sist endra 26.04.2021 08.42