Treng barnet ditt litt ekstra motivasjon til lesetreninga?
Lån ein lesebamse. Lesebamsen kjem i mange ulike utgåver, så om barnet ditt likar katt, hund, bjørn, ku, piggsvin eller anna, så har me lesebamsen som passar.
Lesebamsar klare til å kome på besøk hjå deg.Kvifor låne lesebamse?
Lesebamsen elskar gode historier, og ekstra glad blir den når barn les høgt for den. Lesebamsen dømmer ingen. Den lyttar, uansett om barnet snublar i orda eller les i sakte tempo.
Lesebamsen aukar lesegleda. Å lese for nokon gjer lesestunda til ein leik og eit koseleg oppdrag, i staden for ei plikt. I tillegg kan barnet få god meistringskjensle når det forklarer ord og bilete for bamsen.
Når ein har ein mjuk ven som Lesebamsen i fanget, kan dette gje fysisk ro som gjer det lettare å konsentrere seg om boka.
Tips til korleis du kan lage ei god lesestund i lag med barnet og lesebamsen:
La barnet få velje sin lesebamse. Me har ulike variantar.
Finn ein roleg stad kor du og barnet kan lese høgt saman, eller ein stad kor barnet kan lese høgt for bamsen sjølve. Lag gjerne ein lesekrok kor det er godt og trygt å sitte. Sjå til at det er gode lysforhold.
Finn ei bok som barnet er interessert i. Dette kan vere ei bok dokker har heime, eller ei bok som dokker låner med heim frå biblioteket.
La bamsen sitje i nærleiken av barnet og lytte til historia.
Hjelp gjerne barnet med å skrive ned kva som er blitt lese høgt. Me på biblioteket er svært spente på kva bøker og historier bamsen får høyre.
Reglar for bruk som du kan presentere for barnet på vegne av bamsen
Pass på meg: Eg likar ikkje søle og vil ikkje ut i regn. Eg likar å vere rein og heil.
Ikkje ta meg med bort på matbordet. Pelsen min likar ikkje syltetøy eller saus.
Eg elskar å bli lesen for før leggetid. Då søv eg aller best.
Eg synes det er kjekt når du skriv i passet mitt kva me har gjort i lag.
Lesebamse lånt ut via biblioteket kan vere på besøk hjå dokker i 14 dagar før den må leverast tilbake.
