Kunstverkstad for vaksne, våren 2024

Vil du lære å teikne og male og utvikle dine skapande evner? Vil du oppleve glede av å lage dine eigne kunstverk?  Både nybyrjarar og erfarne kan melda seg på kunstverkstad for vaksne. Me startar opp med nye kurs i januar 2024!

Du får ei lærerik og triveleg tid i ei lita gruppe med rettleiing av ein erfaren kunstlærar. Du lærar spanande teikne- og maleteknikkar og får moglegheit til å jobba med eigne kreative prosjekter. 

Kveldskurs oppstart: 23. januar kl. 18.00-21.00 (annankvar veke, 8 gonger)

Dagskurs oppstart: 16. januar kl. 11.00-14.00 (annakvar veke, 8 gonger)

Stad: Kunstrommet på kultur og læringssenter Sjøperlo, 2 etg, Ølen. 

Pris: 2100,- 

Informasjon: Dorota tlf 45 26 34 25

Påmelding: 

https://novindafjord.speedadmin.dk/registration#/course/37/0/0/11

NB: Skriv i kommentar ved påmeldingar om du ønskjer kvelds – eller dagskurs.