Årets tema for Kulturverndagane er «Kulturarv i fare». Temaet set søkjelys på korleis mellom anna klimakrise, krig, og digitalisering kan påverke både fysiske kulturminne og tradisjonar som blir overførte mellom generasjonar.
På Vindafjordmuseet står den immaterielle kulturarven i sentrum. Det handlar om kultur som ikkje er fysiske ting eller bygningar, men kunnskap, tradisjonar og praksisar som blir førte vidare mellom menneske – til dømes folkemusikk, forteljingar og handverksteknikkar.
Dagen opnar med konsert med Øystein Nilsen og Susanne Helgeland frå Haugesund spelemannslag, saman med Charlotte Raknes Nordahl og Dagmar Lunde frå Kvedartak. Dei spelar folkemusikk inspirert av naturmytiske forteljingar, med mellom anna hulder og fossegrimen som bakteppe.
Store og små kan òg prøve seg på veving, ein handverkstradisjon med lange røter.
Lanserer digital løype om industriminne
Haugalandmuseet lanserer den nye KulturPunkt-løypa «Industriminner frå Vindafjord». Løypa fortel om industrihistorie frå Hogganvik i aust til Utbjoa i vest, med tema som skipsbygging, tekstilindustri, vasskraft, smiing, trelast og treskomaking.
Båtbygging i Ølensvåg, 1933.
Endre Heggen-samlinga, Haugalandsmuseet
Innhaldet byggjer på intervju frå Endre Heggen-samlinga. Endre Heggen var lokalhistorikar og aktiv i sogelagsarbeidet i Ølen. Frå midten av 1980-talet intervjua han folk og samla inn lydopptak og kopiar av gamle bilete frå nærområdet. Samlinga vart seinare gjeven til Vindafjord kommune og er i dag ein del av Haugalandmuseet sine samlingar.
Fotoarkivar Madli Hjerman held foredrag om industriminnene og Endre Heggen-samlinga. Med KulturPunkt-appen kan ein slå på stadslokasjon på mobilen og oppdage kulturminne langs vegen.
Det blir òg natursti-rebus og open kafé i regi av Imsland, Vikedal og Sandeid sogelag.
Praktisk informasjon
Dato og tid: Søndag 13. september 2026 kl. 12.00–15.00
Stad: Vindafjordmuseet, Movegen 111, Vikedal
Pris: Vaksne kr 100, honnør kr 70. Barn under 16 år og medlemer i Haugalandmuseets vener har gratis inngang.
Les meir på heimesidene til Haugalandsmuseet:
Kulturverndagen 2026
Industriminner frå Vindafjord
Kulturverndagane blir arrangerte over heile landet frå 5. til 13. september 2026. Festivalen omfattar om lag 300 arrangement og har årleg rundt 50 000 besøkjande.