Kulturkveld med bygdebokmarkering

Det blir kulturkveld i høve markering av dei utgjevne bygdebøkene «Heimar og folk i Sandeid» og ei avrunding av bygdebokprosjektet Vikebygd, Vikedal og Sandeid.

 

Boklanseringa for Heimar og folk i Sandeid vart ikkje heilt som planlagt på grunn av koronaen.

Tysdag 19. oktober klokka 19.00 - 22.00 inviterer me difor til kulturkveld i Sandeid samfunnshus for å markera dei utgjevne bygdebøkene «Heimar og folk i Sandeid». Arrangementet er også ei avrunding av bygdebokprosjektet for Vikebygd, Vikedal og Sandeid.

Forfattarane og redaktør og prosjektleiar Nils Olav Østrem presenterer arbeidet med prosjekta. Musikalske innslag ved Sveinung Bjelland, Gunn Rakel Tjelle og Lasse Jarmer og Arvid Vestbø.

Det blir servert kaker og kaffi. Gratis inngang.

Velkomen!