Kjekk og travel sommar på biblioteket

I dag skriv me august og sommaren nærmar seg slutten. Teamet på biblioteket kan sjå tilbake på ein sommar med mykje aktivitet og høge besøkstal, noko som har vore både kjekt og travelt.

Speleglede på tvers av generasjonar Silje Holden Birkeland

Filmframsyning

Me var spent på korleis gratis sommarkino med familiefilm ville bli tatt i mot av publikum. Fasit så langt er at det er eit populært tilbod. Så populært at det ved eit par framsyningar har vore venteliste for å kome inn. Dette gjer at me kjem til å fortsette med filmframsyning også etter at siste sommarfilm er syna fram den 15. august.  

Frå september kan du sjå gratis familiefilm den fyrste laurdagen i månaden. Det vil seie  laurdagane 2. september, 7. oktober, 4. november, 2. desember, 6. januar og så vidare. Også dei vaksne har fått tilbod om kino i sommar. Dette vil me fortsette med, slik at du har høve til å sjå gratis film den tredje onsdagen i månaden klokka 19.00 også ut over hausten. Neste film ut er den danske drama/thrilleren Blodsbånd onsdag 16. august.

Kreative aktivitetar

Me har lenge hatt skaparverkstaden Vindaverkstaden lokalisert i 3. etasje i biblioteket. I sommar har me hatt tre økter kor me har invitert publikum til å kome og bli kjent med symaskinane, samt til å få hjelp til å sy. Mange tok turen innom, og blant anna fekk ein sommarkjole nytt liv etter ein tur innom bibliotekar Vanja sine dyktige hender. Me har også hatt tre økter kor publikum hadde høve til å prøve digital teikning på iPadar med programmet Procreate installert. Mange var innom og laga flotte kunstverk.

Sentralt i biblioteket har eit stort bord med LEGO ruva. Dette har vore særdeles populært. LEGO-sesongen blei innvia med besøk av LEGO-Gregor. Det har vore kjekt å sjå alle dei flotte, kreative byggverka som har blitt produsert av besøkande i alle aldrar. På ettermiddagen torsdag 17. august kjem Gregor igjen på besøk for å bygge saman med dei som tek turen innom. LEGOen står frame til og med laurdag 19. august.

Ein annan sentral aktivitet har vore digitale spel i ulike variantar. Mange har kome igjen dag etter dag .Til tider har engasjementet vore høgt blant spelarane. Det heiter seg at øving gjer meister, og det har me tydeleg sett når det kjem til dugleik hjå enkelte i spela. Spelaktivitet på tvers av generasjonar har det vore mykje av. Fleire besteforeldre har fått tatt del i ulike formar for spel i lag med barnebarn. Kvar måndag har det i tillegg vore seniorgaming. Seniorgaminga har utvikla seg til ein flott møteplass, og underteikna gler seg alltid til gjengen kjem innom for kaffi, drøs og bowling.

Leseglede

Gjennom heile sommaren har det vore leseglade barn og vaksne innom. I skrivande stund har deltakarar frå Vindafjord registrert 517.037 lesne sider i Sommarles. Det har også byrja å kome inn utfylte lesebingobrett. Både Sommarles og Lesebingo varer til 31. august, så det er framleis høve til å vere med. Om ein ser på tal besøk, så har det i sommar vore 57% fleire på besøk  i år enn i 2022. Utlånstala har vore stabile.

I sommar har mange familiar vore på biblioteket i fleire timar i slengen, noko som me synes er kjempeflott. Å sjå at tilbodet ein lagar til blir brukt, og at publikum kjem på besøk igjen og igjen, gjev inspirasjon og arbeidsglede.