Julehelsing frå bibliotekgjengen

Jul og nyttår er ei tid som for mange bringer glede, latter og gode minne. For andre er jula ei vanskeleg tid med sorg, sakn, dårlege minne, frykt og uro. 

Raude adventslys på eit rundt fat. Pynta med stjerner og kongler - Klikk for stort bilete Pixabay

Onsdag 20. desember syna me fram filmen «Jeg kommer hjem igjen til jul». Denne tok opp problematikken med at alt ikkje er så idyll som det kan sjå ut til utanfrå. Til tross for ein fin slutt på filmen var det fleire enn underteikna som etterpå hadde klump i halsen. Er du blant dei som synes jula er vanskeleg og treng nokon å prate med, finnes det til dømes Hjelpetelefonen (116 123) og chattetenesta «sidetmedord», begge drifta av Mental helse. Desse har ope alle dagar heile året. 

På biblioteket har me vanlege opningstider onsdag til laurdag i romjula. Onsdag klokka 11 og 14 kan du vere med på høgtlesing for barn, eller seniorgaming romjulsspesial klokka 12.00. 

Torsdag arrangerer «Den kulturelle spaserstokken» romjulskonsert med Belgtøttene klokka 11.00. Etterpå blir det servering av kaffi og kake. 

For dei sjakkglade blir det romjulssjakk torsdag 28.desember klokka 16.00 - 19.00. Denne turneringa er open for alle, uansett alder og nivå. Siste dag for påmelding er onsdag 27. desember. 

Du har vel besøkt oss på våre nye nettsider? Om ikkje bør du ta turen innom «www.vindafjordbibliotek.no». 

Om du har lyst til å sjå ein god film, så har du høve til å låne/straume 4 filmar kvar månad via filmtenesta vår «Filmoteket» heilt gratis. Ta gjerne kontakt om du vil ha meir informasjon. 

Me på biblioteket ynskje alle ei fin julehøgtid og eit godt nytt år.
Me sjåast 😃