Historisk vandring i Sandeid

Eldsjelene frå Fokus Sandeid ved Jan Børretzen, vil torsdag 27. april stå for ei historisk vandring i Sandeid.

Foto: Postkort med landskapsmotiv frå Sandeid i Vindafjord, 1933. Haugalandmuseet

Ei løype med forskjellige plansjar, er sett opp langs ein kultursti. Ved kvart stopp, vil informantar bidra med historisk innblikk. Vandringa tek ca. 1,5 time, så du bør ta med deg gode klede og sko.

Etter vandringa, samlast me ved siste stopp på Sandeid samfunnshus, der me får ein kaffikopp og noko å bite i. Etter arrangementet, er me behjelpelege med å køyre folk ned til bilane sine.

Vandringa er eit samarbeid mellom Fokus Sandeid, Imsland, Vikedal og Sandeid sogelag og Haugalandmuseet. Velkomen til Museumsstafett i Sandeid!

Inngong kr. 100,- Kjøp billettar på forhånd på TicketCo eller ved frammøte.
Oppmøte er på kaia i Sandeid, kl. 18.00.

For fleire opplysningar kontakt avdelingsleiar formidling & publikum Tove Selås: ts@haugalandmuseet.no tlf. 52709360 / 90977976

Venleg helsing Fokus Sandeid, Imsland, Vikedal og Sandeid sogelag og Haugalandmuseet.

Foto: Postkort med landskapsmotiv frå Sandeid i Vindafjord, 1933. Haugalandmuseet