Heile Rogaland les

I år er det boka «Mamma er trygda» av Mirmir Kristjánsson som blir delt ut gratis.

Mykje folk i Sjøperlo hall då det blei arrangert bokbad med Mirmir Kristjánson og Tom Hetland. - Klikk for stort bileteKjekt med godt oppmøte då Mirmir Kristjánsson og Tom Hetland tok turen til Vindafjord bibliotek Silje Holden Birkeland Boka har fått gode kritikkar etter at den kom ut i 2019. Boka tek for seg korleis det er å vakse opp i ein familie med alvorleg sjukdom, samt korleis møte med til dømes NAV kan opplevast.

Onsdag 28. september hadde biblioteket besøk av ein engasjert Mirmir kor han blei bokbada av Tom Hetland. Mange tok turen innom for å høyre på tospannet.

Samtalen var interessant, og tok opp fleire ømfintlege tema som kan dukke opp når ein er kroniske sjuk eller pårørande. Fleire nytta òg høve til å kome med spørsmål og kommentarar til boka og samtalen.

Det er framleis høve til å hente seg bok på biblioteket eller på ein av våre utleveringsstasjonar på Matkroken Imsland, Joker Vikedal, Shell Sandeid, Shell Knapphus, Frøken Fryd og Joker Vikebygd.