Eldrefesten 2024 er gjennomført.
Rådet for eldre og personar med funksjonsnedsetting, i samarbeid med Kultur og Læring, inviterer til den årlege Eldrefesten 1.oktober, som er den internasjonale dagen for eldre.
Festen byrjar kl. 16:00 på Ølen kulturhus, Sjøperlo, og er for eldre over 67 år, med følgje.
Festen blir leia av konferansier Kjell Ravatn, og årets program inneheld:
- Besøk av ordførar Ole Johan Vierdal
- Ulike innlegg frå:
- Guri Ravatn, med ny bok «Nu solen går ned»
- Pensjonistforbundet Vindafjord
- Vindafjord Bibliotek, om møteplass og ulike tilbod for eldre - Servering av smørbrød frå Kjell Gjendem, Ølen Gjestegard
- Konsert med Rita Fotland Bøe og Kåre Bøe
- Kaker, kaffi, allsong og drøs
Påmelding:
Påmelding på Servicetorget tlf 53 65 65 65
Pris: Kr 300.-
Betalast ved inngongen, med VIPPS eller kontant
Påmeldingsfrist: 27.september
Sist endra 04.10.2024 11.56