Artistar, prisvinnarar og publikum bidrog til ein flott kveld.
Ordførar Ole Johan Vierdal ønskte velkomen og inviterte til ei innhaldsrik feiring der kultur, fellesskap og lokalt engasjement stod i sentrum. I opninga delte han tankar om året som ligg bak oss og forventningar til 2026.
Ole Johan Vierdal leia forfattarsamtalen med Anne Gunn Halvorsen, Agnes Matre og Agnes Ravatn.
Kristine Thorsen Eikeland
Eit av dei store høgdepunkta i programmet var sofapraten med forfattarane Agnes Matre, Agnes Ravatn og Anne Gunn Halvorsen. Samtalen gav publikum eit nært og inspirerande møte med tre markante stemmer i norsk litteratur.
Kristine Thorsen Eikeland
Kvelden bød også på eit variert og stemningsfullt kulturprogram. Kine Nesheim skapte ei roleg og vakker stemning på scena.
Kine Nesheim på scena
Kristine Thorsen Eikeland
Kine Nesheim med band
Kristine Thorsen Eikeland
Belgtøttene og Kore’ Vindafjord bidrog med energi og flotte innslag.
Korè Vindafjord framførte fleire songar
Kristine Thorsen Eikeland
Belgtøttene på scena
Kristine Thorsen Eikeland
I tillegg imponerte fleire av elevane i kulturskulen med fine framføringar.
Innslag frå kulturskulen
Kristine Thorsen Eikeland
Tradisjonen tru vart det delt ut prisar, stipend og heider.
Det var fleire rørande augneblinkar då vinnarane kom opp på scena til stor applaus frå salen – ei tydeleg påminning om kor mykje skaparglede, innsatsvilje, engasjement, samhald og talent som finst i Vindafjord.
Ølen idrettslag fekk omsorgs- og inkluderingsprisen, til stor jubel.
Kristine Thorsen Eikeland
Kunstverka som vart utdelte er laga av Ingrid Haukelidsæter.
Næringsprisen gjekk til Rørleggar Haraldseid AS.
Kristine Thorsen Eikeland
I pausen vart det servert kaffi og kaker, og mange nytta høvet til ein god prat før programmet heldt fram.
UL Skjoldafjord mottok kulturprisen.
Kristine Thorsen Eikeland
Alt i alt vart årets nyttårsmottaking ei flott markering av både det som har vore og av Vindafjord i 2026 – og ei verdig feiring av alt me får til saman.
Vera Gjerde og Linea Helgevold Fjelldalselv mottok kulturstipend
Kristine Thorsen Eikeland
Tusen takk til alle som bidrog – og til alle som tok turen!
NM-, EM- og VM-vinnarar frå Vindafjord vart heidra.
Kristine Thorsen Eikeland
Kulturstipend
Linea Helgevold Fjelldalselv – satsar på mellomdistanse løping
Vera Gjerde – toppidrett volleyball
Idrettsvinnarar 2025 vart heidra:
Vera Gjerde – NM-gull damer volleyball
Hedda Gjerde – NM-gull damer volleyball
Tiril Våg Skjold – NM-gull sandvolleyball jenter 19
Lene Vormestrand – NM-gull styrkeløft
Kjellaug Selsaas – VM laggull lydighetshund
Anna Vivelid – NM-gull klatring U19
Annika Tökés Krokå – NM-gull Kyokushin Kai (fullkontakt karate)
Prisar vart delte ut på mottakinga:
Omsorgs- og inkluderingsprisen: Ølen Idrettslag (for Stjernelaget og inkluderingsarbeid)
Kulturprisen: UL Skjoldafjord (for teater, musikal og kulturarbeid, inkl. We Will Rock You)
Næringsprisen: Rørleggar Haraldseid AS (50 år i næringslivet, lokal verdiskaping)
Byggeskikkprisen: Jone Tveit (restaurering av hermetikkfabrikken i Haraldseidvågen)