Éin Drømmestipend-vinnar frå Vindafjord

802 søkte Drømmestipendet 2021. Agnes Sesilia Andersen  var ein av dei 50 heldige vinnarane i landet. Ho fekk tildelt stipendet på 30.000 kroner søndag kveld. Det var Jens Nyland frå Norsk kulturskuleråd som delte ut prisen ved eit arrangement i Sjøperlo Hall. 

Agnes Sesilia Andersen tildelt drømmestipendet. Ane Kesia E. Fatland

Det er Norsk Tipping og Norsk kulturskoleråd som står bak Drømmestipendet, som blir delt ut for 18. gong i år. Søkarane blir vurderte og nominerte av kommunen dei har vakse opp i. I år vart det sett to nye rekordar: 802 søkarar og over 600 nominerte frå kommunane.

Frå Vindafjord var det nominert fire kandidatar til stipendet:  Jarle Lunde, Lydia Helland Haugan, Lyth Bendik Hole og Agnes Sesilia Andersen.  Alle i kategorien musikk.

Meir om dei nominerte kan du lesa her

Vanskeleg jobb for juryane

I år er det gjort tre endringar i Drømmestipendet. Stipendbeløpet er dobla frå 15.000 til 30.000 kroner, tallet på stipend er redusert frå 100 til 50, og aldersgruppa som kan søka er endra frå 13-20 til 18-25 år. Men målet med stipendordninga er som før:

Drømmestipendet skal gi verdfull inspirasjon og anerkjenning, og bidra til at mange unge kunst- og kulturutøvarar får oppfylt sine draumar. I tillegg ønskjer stipendutdelarane å synleggjera kommunane sitt arbeid for unge kunst- og kulturutøvarar.

Fagjuryen besto av Frida Ånnevik, Tine Thing Helseth, Ola Kvinberg,  Silja Nymoen og Torodd Wigum. I draumejuryen sat Trond Olav Asperud, Sigrun Agøy Engum og Egil Hofli. Saman hadde dei den vanskelege jobben med å velja ut kven som skulle få stipend.

Utdeling i Sjøperlo hall søndag

Frå Vindafjord er Agnes Sesilia Andersen den heldige. Stipendet blir delt ut av representantar frå Norsk Tipping og Kulturskulerådet,  søndag 30. mai i Sjøperlo hall.

Utdelinga startar klokka 18.00. Vil du vera med, må du ringa 90 16 60 95 innan klokka 12.00 laurdag 29. mai.

Det vert musikalsk innslag ved elev i kulturskulen og av stipendvinnaren.