Drømmestipendet 2027

Er du mellom 18 og 25 år? Du kan no søkje Drømmestipendet 2027!

Drømmestipendet er eit samarbeid mellom Norsk Tipping og Kulturskolerådet. Stipendordninga vart etablert i 2004. Sidan den gong har over 2 000 unge kunst- og kulturutøvarar fått stipendet.

Stipendet skal gi verdifull inspirasjon og anerkjenning, og bidra til at unge kunst- og kulturutøvarar mellom 18 og 25 år får oppfylt draumane sine. Ordninga skal òg bidra til å synleggjere kommunane sitt arbeid for unge kunst- og kulturutøvarar. For å kunne søkje Drømmestipendet 2027 må du vere fødd tidlegast 1. januar 2001 og seinast 31. desember 2008. Dette gjeld òg alle medsøkjarar i ein gruppesøknad

Søk her: https://drommestipendet.no/for-sokere/

Søknadsfrist: 17. november 2026 kl. 12.00