Bli med på KUL-TUR

Nå kan du kombinera kulturminne og trim i fire løyper i Vindafjord. I løpet av september blir det arrangert fire KUL-TURar rundt om i Vindafjord.

Vaksen mann sit på ein lysgrøn benk. - Klikk for stort bileteUndervegs kan du kvila på ein Vakre Vindfjord-benk, som denne på Utbjoa. NTO  

– KUL-TUR er ein kombinasjon av ut på tur, kulturminne og folkehelse. Målet er både å få folk opp av godstolen og formidla kulturminne og historie, seier kultur- og idrettskonsulent Berit Hetland.

Tysdag 7. september går den første KUL-TURen av stabelen på Utbjoa kultursti. Oppmøte på Utbjoa kai og avgang klokka 16.30. Det blir informasjon langs løypa, og servering av kaffi og bollar i Nils Terje Oma sin verkstad etterpå.

Offisiell opning av ny kulturløype

Torsdag 9. september er KUL-TURen komen til den nye historiske løypa i Ølen sentrum. Der blir det ikkje berre KUL-TUR, men også offisiell opning av kulturløypa. Oppmøte ved Sjøperlo og avgang klokka 16.30. Etter KUL-TURen i løypa, blir det servert kaffi og kake i Sjøperlo Hall.

Søndag 26. september er det eit godt tips å legga søndagsturen til Vikedal. Oppmøte og start på KUL-TURen klokka 11.00 ved parkeringsplassen til Bjørnstien i Vikedalsdalen. Undervegs blir det informasjon og servering av kaffi og bollar ved brua.

KUL-TUR, natursti og speidar-paviljong

Torsdag 23. september er det KUL-TUR til dei gamle kyrkjegardsruinane i Skjold. Oppmøte ved kyrkja og avgang klokka 18.00. Det blir informasjon om kulturminne og natursti for både små og store. Opning av den nye paviljongen til speidaren er ein del av KUL-TURen, og speidarane vil også ha kiosk.

Du kan sjølvsagt ta KUL-TURane sjølv når som helst. Treng du ein pust i bakken, kan du kvila på ein Vakre Vindafjord-benk i løypene. Det er Gnisten i Sandeid har laga dei flotte benkane, som både lyser opp og er gode å sitta på.

God KUL-TUR!