Biblioteket har fått ny nettstad

I november 2023 tok me i bruk vår nye nettstad vindafjordbibliotek.no. Dette er ei nettside som me er godt nøgde med, og som me får gode tilbakemeldingar på. Om du ikkje har vore innom allereie, kan det vere verdt å spandere eit par minutt på å teste den ut.

Skjermdump frå nettstaden vindafjordbibliotek.no  - Klikk for stort bileteSkjermdump frå www.vindafjordbibliotek.no

Du vil framleis finne all informasjon om biblioteket på vindafjord.kommune.no.  

Så kvifor har biblioteket tatt i bruk ny nettstad tenkjer du kanskje? 

Vår nye nettstad er bibliotekspesifikk. Dette gjer at du får god oversikt over kva du kan finne hjå oss straks du kjem inn på sida. 

Opningstider, arrangement, leseforslag og oversikt over tenestar er lett tilgjengeleg. Heilt øvst kan du enkelt søke etter både bøker, tidsskrift, filmar og arrangement.  

Om du vil vere oppdatert på alle aktivitetane som skjer på kultur- og læringssenteret, kan du laste ned appen «Infoskjermen Go» eller «PinToMind Go» og taste inn delingskode 32UTSN.