Balansetrening for eldre startar opp på Sjøperlo

28. oktober startar frivilligsentralen og fysioterapeutane i Vindafjord opp med balansetrening for eldre på Sjøperlo.

Det er to frivillige damer som vil leia treningane. Desse vil få god opplæring av fysioterapeut. 

Ei balansegruppe er ei gruppe menneske som møtes for å vera fysiske aktive. Målet er å ha ein sterk kropp som gjer at ein betre kan klare seg sjølv. Fokus er på øvingar som fremjar balanse og styrke, både i armar og bein. 

Balansegruppe i aksjon Ane Kesia Eide Fatland

Øvingane vil føregå på og rundt ein stol og deltakarane bestem sjølv om dei treng litt ekstra støtte i stolen eller ei. 

Med andre ord tilpassar ein øvingane for alle. Det er likevel krav om at ein i utgangspunktet må kunne forflytte seg sjølv. Til dømes må ein kunne reisa seg frå stolen utan å nytte armlene. Ein må også kunne kome seg til og frå balansetreninga på eige hand. 

Etter at ein er ferdig med treninga er det tid til drøs og ein kaffikopp for dei som ynskjer det.

Kva tid og kor ofte
Me startar opp balansetreninga tysdag 28. oktober kl. 11.00 på Sjøperlo, og held det gåande kvar tysdag i sju veker før me avsluttar 9. desember. Merk at det er avgrensa med plasser og difor førstemann til mølla. Det er gratis å vera med.

Påmelding
Påmelding til frivilligsentralen på e-post: frivilligsentralen@vindafjord.kommune.no eller på telefon 48184078. Ein melder seg på første gong og har då plass dei neste seks vekene.