3 workshops for barn og unge frå 10-16 år!

UKM Etne og Vindafjord arrangerer ei digital workshophelg på Sjøperlo i Ølen 25. og 26. april 2025. Bli med!

Meld deg på her. 

Påmeldingsfrist 22.april (ut dagen).

Workshop nr 1, fredag og lørdag:

Digital kunst og grafitti med Dorota (kr 100.-)

Bli med på en inspirerande reise inn i den digitale og grafitti kunstverden, full av uendelege muligheter og kreative verktøy! Vi bruker appen Procreate, som gjør det både enkelt og gøy å utforme graffiti bilder. Du får opplæring i appens funksjoner (dersom du trenger det) og vi skal utforske forskjellige arbeidsteknikker og temaer.

Dorota Cieslar

Deretter skal du lage fysiske sjablonger etter ideen din og skal bruke spraymaling.

Gjennom kurset får du:

• Lære å lage digitale og analoge stensiler

• skape kule bilder som du får med hjem!

• Ha ein kjekk og larerik tid saman med andre

Dorota Cieslar har jobba over 17 år som kunstlærar på kulturskulen og er eit kjent fjes for mange barn og unge. Ho likar å veksla mellom eller kombinera i saman både dei “analoge” og digitale media.

Workshop nr 2, fredag og lørdag:

DJ- og digital musikkproduksjon med Donald (kr 100.-)

Bli med på ei reisa inn i musikkverda kor du kan sjølv skapa spanande musikkstykke med hjelp av moderne teknologi. Du blir kjende med DJ musikkproduksjon og får erfara korleis du kan bruke ulike digitale utstyr og programmer for å laga dine eigne unike musikalske verk. Du får utrykkja din kreativitet, og du treng ikkje stor musikalsk bakgrunn.

Ikke nøl – du kan bli ein digital musikkdesigner samtidig som du har det moro med andre denne helga!

Du skal:

• Forstå grunnleggjande konsepter i DJ-ing eller musikkproduksjon (tempo, beats og effekter).

• Lage ein egen låt eller spela eit miksesett.

• Oppleve meistringsfølelse gjennom kreativ læring.

• Få innblikk i korleis ein kan jobba videre med musikkteknologi heime.

Donald Sefa er gitarlærar på kulturskulen i Tysvær, DJ og spelar i band. På fritida komponerar han musikk og sit med mykje variert erfaring både i musikk, undervisning, liveopptredenar og skapande arbeid. 

Workshop nr 3, lørdag:

Penn- og papir rollespel med Marius

Rollespel kan omtalast som ei «kollektiv historieforteljing». Ein spelmeister styrar forteljinga ved å skildra verda og kva som skjer, mens dei andre spelarane styrar kvar sin karakter i historia. Ein har eit ark med oversikt over evnene til karakteren ein styrar, og triller terningar for å løyse oppgåver og kjempe mot fiendar.

Marius har terningar og karakterhefte, men interesserte kan gjerne ta med blyant og visk.

Marius jobbar på Vindafjord bibliotek og er eit kjent fjes for mange barn og unge. 

Det vil også vera ei fifaturnering med Vanja på lørdag.

Biblioteket arrangerar FIFA turnering lørdag 26. april.

Kvar runde/spel er ca. 20 minutt, og det er 1 mot 1 på. Vinnarane går videre i turneringa, og møtar andre som har vunnet sine kampar.

Vanja jobbar også på Vindafjord bibliotek og er eit kjent fjes for mange barn og unge.