Velferdsteknologi

Målet med velferdsteknologi er å skape ein tryggare og enklare kvardag både for brukarar, pårørande og helsepersonell.

Tenesta skal gjere det mogleg at fleire kan bu lenger heime, styrke meistring i kvardagen og bidra til at brukaren kan leve eit aktivt og sjølvstendig liv.

Det er eit mål at velferdsteknologi skal gi brukarar meir fleksibilitet i eige liv.

Eit eksempel kan vere at ein ikkje treng å vente på at heimesjukepleien skal kome for å levere ut medisinar dagleg, men heller styre dette i større grad sjølv ved hjelp av til dømes elektronisk medisindispenser.

Dignio

Teknologi me tilbyr i dag:

Tryggleikskapande teknologi i heimen

Vindafjord kommune har tilbod om tryggleikspakken. Den innheld tryggleiksalarm med alarmknapp og røykvarslar. Alarmen vert besvart av helsepersonell og det vert oppretta tovegstale.

Naudetater eller heimetenester rykker ut ved behov. Røykvarslar skal ikkje erstatte brannvarsling i heimen, men skal vere eit supplement.  

I tillegg kan ein rekke sensorar koplast til tryggleiksalarmen etter behov. Til dømes sensorar som kan gje alarm ved fall, bevegelse eller utgang av dør på natt.  

Les meir:

Tryggleikspakken

Lokalisering ute, GPS:

Mobile alarmar med lokaliseringsteknologi (GPS) som gjer at personar med fare for å gå seg bort eller ikkje finn heim kan bli lokalisert av pårørande eller helsepersonell. 

Informasjonsbrosjyre lokaliseringsteknologi pasient og pårørande

Hjelp til å hugse medisin, elektronisk medisineringsstøtte:

Dette er ein medisindosett eller dispenser for multidoseposar som varslar når det er tid for å ta medisin. Dersom medisinen ikkje blir tatt innan planlagt tid, går det eit varsel til helsepersonell eller pårørande. For å få elektronisk medisineringsstøtte må du ha vedtak om hjelp til administrasjon av medisinar.

Elektronisk medisineringsstøtte er gratis for tenestemottakar.

Sjå brosjyre: 

Karie 

Teknologiske hjelpemiddel

Nav tilbyr også  teknologiske hjelpemidlar som kan bidra til meistring i kvardagen. Til dømes kommunikasjons hjelpemidlar og teknologi til planlegging og struktur.  

Du kan lese meir om dette her: 

Hjelpemiddel - Vindafjord kommune

Kva kan du gjere sjølv?

Det kan vere lurt å tenke gjennom kva teknologiske hjelpemiddel ein kan kjøpe sjølv for å gjere kvardagen lettare, tryggare og bidra til at ein kan klare daglege aktivitetar på eiga hand. På den måten kan ein vere meir sjølvstendig, og bu lengst mogleg heime.

Det kjem stadig ny teknologi på marknaden ein kan kjøpe sjølv. 

Døme på dette er:

  • Robotstøvsugar
  • Robotplenklippar
  • Komfyrvakt
  • Tidsbrytar, på til dømes kaffitraktar
  • Seriekobla røykvarslarar
  • Varmepumpe
  • Klokke med GPS-sporing
  • KOMP – for å enkelt halde kontakt med familie
  • Ulike appar på nettbrett eller smarttelefin
  • Automatisk lys/bevegelsessensor

Kontaktinformasjon

Tenestekontoret
Telefon 53 65 60 50

Berit Ølfarnes: 53 65 60 50
Monica Stødle Velde: 53 65 60 47

Opningstid
Klokka 08.00 - 15.30

Besøksadresse
Rådhuset, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen 

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

eDialog - lenke til sikker innsending av brev og dokument

Trine Sørensen
Avdelingsleiar
Tenestekontoret
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 53 65 60 48
Mobil 99 08 66 12