Influensavaksine for sesongen 2023/2024

Vaksinering av risikogrupper for sesongen 2023/2024, er avslutta.  

Bestilla sjølv eller for andre

Me anbefaler alle som er i risikogruppe å bestilla seg time på timebestilling.remin.no/vindafjord for å unngå telefonkø. Er du usikker på om du er i ei risikogruppe, kontakt fastlegen.

Me minner om at det er mogeleg å bestilla time for andre, og me oppfordrar pårørande å hjelpa til. Du går då inn via egen ID-port.  Du kan ringa og bestilla tima i vaksinekontoret si opningstid, men då må du vera innstilt på ventetid. Du kan også senda ein e-post.

Årets influensavaksine kostar 250 kroner for alle i risikogruppene. Du kan også få sett vaksinen i samband med time hos fastlegen din.

For helsepersonell

Opningstider Ølen kulturhus

Veke 44

  • Onsdag 1. november, kl. 08.00-15.30
  • Torsdag 2. november, kl. 08.00-15.30

Veke 45

  • Torsdag 9. november, kl. 13.30-20.30

Veke 46

  • Onsdag 15. november, kl. 08.00-15.30
  • Torsdag 16. november, kl. 08.00-15.30

Timebestilling

Logg inn på timebestilling.remin.no/vindafjord, velg Influensavaksine

Send e-post: vaksinekontor@vindafjord.kommune.no

Ring vaksinekontoret på mobil 91 30 38 42 tysdag, onsdag og torsdag kl. 09.00-12.00

Betaling

  • Influensavaksine:       250 kroner                                
  • Pneumokokkvaksine: 500 kroner
  • Koronavaksine:          gratis

NB! Me tek ikkje kontantar, berre kort eller Vipps. Betaling skjer ved inngang.

Kven bør vaksinera seg?

Nær 1,6 million menneske i Noreg tilhøyrer grupper med auka risiko for alvorleg influensasjukdom.

Personar i følgande risikogrupper bør ta influensavaksine årleg: 

  • Bebuarar i omsorgsbustadar og på sjukeheimar
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
  • Prematurt fødte barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månedar til 5 år

Barn og vaksne med:

  • kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
  • hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk)
  • diabetes type 1 og 2
  • leversvikt eller nyresvikt
  • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraft
  • nedsett immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (for eksempel organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
  • svært alvorleg fedme (BMI over 40)
  • annan alvorlig og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (for eksempel personar med medfødte kromosomavvik, genetiske syndrom og sammensatte kromosomavvik som ikke er klassifisert annan stad)

I tillegg er influensavaksine anbefalt til:

Les meir om influensavaksineprogrammet på FHI.

Oppfriskingsdose med koronavaksine

Folkehelseinstituttet (FHI) anbefaler ny oppfriskingsdose med koronavaksine i haust til:

  • personar i aldersgruppa 65 år og eldre.
  • personar i aldersgruppa 18-64 år med underliggande risiko for alvorleg sjukdomsforløp. 
  • ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom.

Anbefalt intervall sidan forrige vaksinedose bør vera minimum 4 månader. 

Anbefalinga om å ta ny oppfriskingsdose gjeld også dersom du nyleg har gjennomgått ein koronainfeksjon. Det bør ha gått minimum 3 veker fra gjennomgått sjukdom til vaksinasjon. Det kan gjerne gå lenger tid enn 3 veker, sidan det truleg vil gi ein enno betre respons på vaksinen. 

Pneumokokkvaksine til risikogrupper

Alle personar over 65 år, eller som har ein sjukdom eller tilstand som gjer at dei har høgare risiko for å få alvorleg pneumokokksjukdom, er anbefalt å ta pneumokokkvaksine. Pneumokokkar er ein bakterie som kan gi lungebetennelse, øyrebetennelse eller bihulebetennelse, men kan også gi eit alvorlegare sjukdomsforløp som blodforgifting (sepsis) eller hjernehinnebetennelse (meningitt).

Denne vaksinen er anbefalt å ta kvart 6. år. Ved influensavaksinering kan du få pneumokokkvaksine samtidig om du er over 65 år eller er tilvist av fastlege. Vaksinen kostar 500 kroner.

Les meir om pneumokokkvaksinasjon på FHI

Sjå elles informasjon på heimesida til Folkehelseinstituttet (FHI).

Kontaktinformasjon

Vaksinekontor
Mobil 91 30 38 42

Tysdag, onsdag og torsdag

E-post: vaksinekontor@vindafjord.kommune.no