OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Årets hovudvaksinering av influensa 2025/2026

Hovudvaksineringa av risikogrupper er no avslutta for i år, men me har framleis vaksinar på lager. Det betyr at både risikogrupper og resten av innbyggjarane kan bestilla time for vaksinasjon. 

Det er for tida stor etterspørsel etter vaksine mot helvetesild, og me oppmodar alle som ønskjer vaksine om å ta kontakt for bestilling. Du treng ikkje resept hos lege. 

Oppmøte er Vaksinekontoret (baksida av Ølen omsorgssenter).

Slik bestiller du:

Vaksinekoordinator og spesialsjukepleiar utanfor vaksinekontoret - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Påminning frå FHI om vaksinasjon til vaksne

Folkehelseinstituttet (FHI) har denne veka sendt ut digitale påminningar via Helsenorge til uvaksinerte personar som er anbefalt vaksine på grunn av alder.

Dei som ikkje har brukar på helsenorge.no får påminning som brev.

Hausten 2025 gjeld påminningane desse gruppene:

  • Koronavaksine: Personar 75 år og eldre
  • Influensavaksine: Personar 65 år og eldre
  • Pneumokokkvaksine: Personar fødde i 1960

Påminning til deg fødd i 1960

Alle fødde i 1960 får tilbod om ny vaksine mot lungebetennelse (Prevenar20) gjennom vaksinasjonsprogrammet for vaksne. 

Denne gir livslang immunitet og kan takast samtidig med influensavaksina.

I 2026 vil tilbodet også gjelda dei som er fødde i 1961.

Retten til å få pneumokokkvaksinen gjennom programmet består sjølv om ein ikkje nyttar tilbodet det året ein fyller 65 år.

Om vaksinasjonsprogrammet for vaksne

Vaksinasjonsprogrammet for vaksne er eit tilbod til alle som på grunn av alder eller helsetilstand har auka risiko for å utvikla alvorleg sjukdom dersom dei får influensa, korona eller pneumokokksjukdom. 

Kommunane har ansvar for å sørga for at desse gruppene får tilbod om vaksine mot dei nemnde sjukdomane.

Målet med vaksinasjon er å førebyggja alvorleg sjukdom og dødsfall.

Folkehelseinstituttet har samla informasjon om vaksinane i vaksinasjonsprogrammet for vaksne på nettsidene sine:

Vaksiner i voksenvaksinasjonsprogrammet - FHI

Til toppen