Kommuneoverlegen si oppsummering veke 25

Det har vore lite eller ingen smitte dei siste vekene, sjølv om me har hatt fleire personar i smittekarantene som nærkontaktar.

Kommuneoverlege Terje Kleiven - Klikk for stort bileteKoronapandemien er på ingen måte over. Nysmitten er eit klart signal om dette, skriv kommuneoverlege Terje Kleiven. Ellen Marie Hagevik

Mot slutten av denne veka testa to personar positivt ved teststasjonen vår.

Ein er reist ut av kommunen, medan ein sit i isolasjon. I tillegg er det nærkontaktar kring desse tilfella som sit i karantene og er uavklara.

Pandemien er ikkje over

Skuleferien har starta, folk er meir mobile, og koronapandemien er på ingen måte over. Nysmitten er eit klart signal om dette.

Nabokommunane våre har også hatt fleire tilfelle dei siste dagane. Erfaringane frå andre kommunar er at det raskt kan blussa opp relativt store smitteutbrot der folk ikkje har følgt smitteråd.

Råda gjeld framleis: Hald avstand, føl nasjonale råd om å avgrensa talet på nærkontaktar, bruk sprit på offentlege stadar som butikkar osv. Butikkane har eit sjølvstendig ansvar for å ha sprit tilgjengeleg, så gje beskjed til betjeninga om der er tomt..

3.900 har fått første dose

Neste veke har alle over 45 år fått tilbod om vaksine, og personar i alderen 18-25 år og 40-44 år vil snart få tilbod om å registrera seg for vaksine. Totalt har nå 3.900 vindafjordingar fått første dose, og 2.500 har i tillegg fått andre dose med Pfizer-vaksine.

Kommunen vaksinerer for fullt, og i neste veke skal me setta over 400 dosar. Me får kanskje noko færre dosar i veke 27, men det er framleis ikkje urealistisk å tenka at alle vindafjordingar har fått tilbod om vaksine innan utgangen av juli.

Ikkje tida for festing i store lag

Det kjem stadig nye innspel kring prioritering av vaksinar. Siste gruppa som er foreslått prioritert er lærarar og førekulelærarar. Mange i denne gruppa er allereie vaksinerte, og det er ikkje realistisk at kommunen vår kan prioritera denne gruppa før tidlegast i veke 28.

Til slutt ei oppfordring: Det er ikkje sikkert første del av sommaren er tida for store sosiale samankomstar og festing i store lag. Alle har eit sjølvstendig ansvar for å følga smitteråda. Gjer me det vil regjeringa sin plan for gjenåpning kunna gå sin gang.

Terje Kleiven
Kommuneoverlege