Vaksinering av risikogrupper og helsepersonell er avslutta, men me har eit restlager av influensavaksiner som kan tas på onsdagar, så langt lageret rekker. Prisen er 250 kroner.
Oppmøte for begge typar vaksine er på helsestasjonen på rådhuset i Ølen.
Bestill time på Remin
Vaksinasjon etter gjennomgått infeksjon
Nyleg gjennomgått covid-19-infeksjon gir god beskyttelse dei første månadane. Har du fått bekrefta covid-19-infeksjon kan du derfor venta i 3-4 månadar med å ta ein ny oppfriskingsdose.
Generelle smittevernråd
Grunnleggande smitteverntiltak er viktige, og vil begrensa spreiing av forkjølelse og andre luftvegsinfeksjonar:
Hald deg heime
Ved nyoppståtte luftvegssymptom og nedsett allmenntilstand, bør du halda deg heime til du føler deg frisk, for å unngå smittespreiing. Andre råd for å unngå smittespreiing er å halda avstand, begrensa tid du er saman med andre, og å vera ute i staden for inne.
Hoste- og handhygiene
- Unngå å hosta eller nysa rett på andre
- Prøv å hosta eller nysa i eit papirtørkle, eller i albogekroken.
- Vask hendene hyppig med såpe og vatn, eventuelt med alkoholbasert handdesinfeksjonsmiddel dersom såpe og vatn ikkje er tilgjengelig.
Testing
Det er ikkje lenger ei generell anbefaling om å testa seg for korona. Sidan ei rekke virus og bakteriar kan forårsaka luftvegssymptom, anbefalar me at du følger smittevernråda uavhengig av eventuelle testsvar.
Personar i risikogruppene og personar som har ein høgare risiko for alvorlege konsekvensar av luftvegsinfeksjonar, blir anbefalt å ta ein koronatest. Ved positiv test bør dei kontakta lege, og eventuelt starta behandling i samråd med legen. Det finst effektive legemidlar som kan redusera risikoen for alvorleg koronasjukdom, men effekten er avhengig av at behandling startar tidleg etter symptomstart.
Nettlenke til helsedirektoratet om legemiddelbehandling av covid-19
Kontaktinformasjon
Send e-post til vaksinekontor@vindafjord.kommune.no, eller ring 91 30 38 42 (ope tysdag, onsdag og torsdag klokka 09.00-12.00).