Støttesamtalar
Sentrale tiltak i forhold til oppfølging er kartlegging og samtalebehandling. Samtalane kan finne stad på kontoret/dagsenteret i Sandeid, heime hjå deg eller på ein annan avtalt stad.
Koordinering
Rustenesta kan også bidra med å koordinera tiltak og tenester, samt delta i naudsynte samarbeidsmøte og ansvarsgrupper.
Rustenesta har eit samarbeid med politiet i forhold til Ruskontakt.
Individuell plan
Det kan opprettast Individuell plan for personar som har behov for koordinerte og langvarige tenester.
Indivduell plan er eit samarbeidsdokument som fordeler ansvarsoppgåver og ansvarsområde mellom instansar som bidreg til eit oversyn for deltakaren. Deltakaren «eig» sin eigen plan.
Tilvising til behandling
Rustenesta kan også hjelpa deg dersom du ønskjer tilvising til avrusing, poliklinisk behandling, langtidsbehandling, institusjon eller LAR (Legemiddelassisert rehabilitering).
Bustadtrening
Ein god bustadsituasjon er viktig for trivsel, meistring og livskvalitet. Rustenesta gir saman med bustadkontoret tilbod om bustadtrening.
Individuell oppfølging
Tenesta tilbyr oppfølging individuellt og i gruppe. Den individuelle oppfølginga kan vera:
- Kartleggjingssamtale
- Samtalebehandling
- Heimebesøk ved behov
- Akutthjelp ved kriser
- Miljøterapi
- Individuell plan (IP)
- Henvising til rusbehandling
- Oppfølging før, under og etter rusbehandling