Psykososial støttegruppe, kriseteam

Psykososial støttegruppe er ei kommunal støttegruppe som kan tre i kraft ved akutte dødsfall, alvorlege ulukker og sjølvmord.

I gruppa er det spisskompetanse for oppfølging av barn og vaksne i krise. Medlemmane har ikkje vaktordning, men blir kalla inn når det er trong for det.

Definisjon på akutt krise er i denne samanheng:

Brå ulukke eller akutt dødsfall der få personar er involvert, og kor beredskapsplan for etablering av kriseleiing i Vindafjord kommune ikkje skal settast i verk.

Behovet for iverksetting av psykososial støttegruppe må tilpassast kvar enkelt situasjon og krise. Oftast kan dei ramma bli ivaretekne av familie og nettverk, eller ordinære ressursar som vaktlege og politi.

Kven kan iverksette gruppa?

  • Politi
  • Lege eller legevakt
  • AMK – akuttmedisinsk kommunikasjonssentral

Kontakt

Legevakt 116 117

Medisinsk nødtelefon 113

Politi operasjonssentral, telefon 02800 eller 51 89 90 00 kvardagar 07.30-17.00 (fredag 07.30-16.00)

Politi, telefon 112 

Sør-Vest politidistrikt