Omsorgstrappa

Omsorgstrappa illustrerer korleis kommunen ønsker ein trinnvis auke i tenestenivå for tenestemottakar med endring i funksjonsnivå.

Ved tildeling av tenester skal ein alltid ha prøvd ut eller kartlagt moglegheita for å dekka behovet på eit lågare omsorgsnivå.

Ikkje alle tenester er nemnt i omsorgstrappa, og det er heller ikkje slik at tenester er låst til berre eitt nivå. Fysio- og ergoterapi kan til dømes vera aktuelt på alle nivå.

Omsorgstrappa er bygd etter BEON-prinsippet (Beste Effektive Omsorgs Nivå) og er forankra politisk og administrativt i Vindafjord kommune si serviceerklæring.

 Grafikk som viser dei ulike trappetrinna med behov for omsorg. - Klikk for stort bilete