Avdeling for personar med demens

Avdelinga for personar med demens har 32 plassar.

Dei 32 plassane er fordelt på 

  • Avdeling sør, med gruppene Fjellro og Utsikten
  • Avdeling nord, med gruppene Tinden, Heimtun og Soltun

Fasilitetar

Avdeling sør og nord ligg i kvar sin ende av Vindafjordtunet med flott hageanlegg utanfor som kan nyttast av alle som kjem. Her er et bålpanne, varmelampe, overbygg og planter som ein kan sjå på. Det er også i hagen på nord at ein har hatt dyrskuen.

I demensomsorga arbeider me for å gjera kvardagen så god som mogleg. Me leitar etter å vera med og skapa dei gylne augeblikka som er så kjærkomne og viktige. Miljøarbeid og individet er høgt i fokus. Arbeid som gir minner via lukt, smak, lys og så bortetter er særskilt viktig her.

Tverrfagleg samarbeid

I avdelingane er det ei tverrfagleg gruppe som består av sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar, der fleire også har vidareutdanning.

Gjennom primærgrupper ser ein til at ein i lag med deg og dine får følgt deg opp på best mogleg måte.

Meir besøk, måltider og dagsrytme finn du her

Kontaktinformasjon

Vindafjordtunet
Telefon 53 65 59 02

Besøksadresse
Kårhusvegen 5, 5578 Nedre Vats

Postadresse
Kårhusvegen 5, 5578 Nedre Vats

Avdeling for personar med demens:

Somatisk avdeling 53 65 59 26