Kommunal omsorgsbustad

Kva tilbyr me?

  • Omsorgsbustadane i kommunene er om lag 40-60 kvm, er tilrettelagt med alt på eitt plan og enkel tilkomst. Bustadane har 1 soverom, bad, stove og kjøkken. Liten gang og bod er også inkludert. 
  • Kommunal omsorgsbustad er ikkje ei direkte lovpålagt teneste, men det er kommunen si plikt å medverka til å skaffa bustad til vanskelegstilte.
  • Tenestekontoret i Vindafjord kommune tildeler bustad og følger opp leigetakar etterpå. 

Kriterier for tildeling

  • Må ha fylt 18 år
  • Må ha lovleg opphald i Noreg.
  • Må ha fast adresse eller ha budd eller hatt opphald i Vindafjord dei siste 6 månadar, eller ha nær familie som oppfyller kravet til butid kommunen.
  • Om søkar har uoppgjort gjeld til Vindafjord kommune som følgje av tidlegare butilhøve, kan dette vera grunnlag for å avslå søknad om leige av kommunal bustad på nytt. Det kan bli stilt vilkår om nedbetalingsavtale for skuldig husleige, misleghaldne kommunale lån eller manglande skadeerstatning frå tidlegare leigeforhold før søknad vert behandla.
  • At ein har nedsett funksjonsevne.
  • At ein har behov for helse- og omsorgstenester av eit visst omfang.
  • At ein har behov for spesielt tilrettelagt bustad for å kunna meistra større delar av kvardagen på eiga hand.

Slik søker du

Søknadsskjema kommunal bustad/omsorgsbustad

Dersom søkjar ikkje kan signere på sjølve søknadsskjema må det leggast ved ei signert fullmakt som stadfestar at innsendar kan fylle ut skjema og sende dette inn på vegne av søkjar.

Handskreven fullmakt på vanleg papir vert godteke. Hugs å skrive tydeleg.

Skjemaet skal sendast direkte til
Vindafjord kommune, Tenestekontoret, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen.

Hjelp til å søka

Dersom du har behov for hjelp til å fylla ut søknadsskjema, ta kontakt med tenestekontoret. Sjå kontaktinformasjon å denne sida.

Behandling av søknad

Innkomne søknadar bli behandla av ei tildelingsnemnd med representantar frå dei ulike fagområda. Det blir gjort vedtak etter forvaltningsloven sine reglar.

Utleige av kommunale bustadar skjer i samsvar med husleigeloven § 11-1.

Klagerett

Du kan klage på eit vedtak innan tre veker frå du mottok vedtaket. I klagen må du beskriva kva du klagar på, og hva du ønskjer endra i vedtaket. Du må begrunna klagen.

  • Vedtak om kva bustad ein får tildelt er ikkje eit enkeltvedtak og gir såleis ikkje høve til klage.
  • Skjønnsvurderingar knytt til søkar sitt behov i forhold til andre søkarar kan ikkje bli klaga på.

Klagen skal sendast til tenestekontoret, slik at me kan vurdera om det er grunn til å endra vedtaket. Dersom klagen ikkje vert tatt til følge, sender me klagesaka til statsforvaltaren i Rogaland for endeleg avgjerd.

Det er pasient- og brukarombod i alle fylker. Der kan du venda deg dersom du har behov for råd, rettleing og informasjon om rettar som brukar eller pårørande.

Kontaktinformasjon

Tenestekontoret
Telefon 53 65 60 50

Berit Ølfarnes: 53 65 60 50
Monica Stødle Velde: 53 65 60 47

Opningstid
Klokka 08.00 - 15.30

Besøksadresse
Rådhuset, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen 

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen